Monday, March 7, 2011

Retro-fint kombiskap

Bilder av råtøffe Smeg-kjøleskap går som ein farsott i Bloglandia. Og eg let meg tydelegvis påvirke, for eg vil ha eit sånt eit!
Det vil sei - eg vil ha eit retro kjøleskap.
Merkebevisst i den grad at det MÅ stå Smeg på døra er eg ikkje. 
Kjøleskapet treng berre vere fiiint.

Retrofint!  

Hjem & villa har tilbod
på alle Smeg-skap no


Denne Rolls Royce'n av eit kjøleskap er 178cm høgt og kostar omtrentleg 20.500,-.
Gorenje sin versjon er 11cm høgare og omtrentleg 10.000,- billegare.


Bilde lånt frå www.gorenje.no

Eg går lett for "billegvarianten".
Den er til og med nesten like kul!

Rustfritt stål er tingen. Eg likar industriell look
- blanda med det romantiske, kvite kjøkkenet vi skal ha
og dei svarte, shiny KitchenAid detaljane plassert dekorativt og lett tilgjengeleg på åpne hyller.
(Når setningane blir så lange, er det fordi når eg skulle sagt dei høgt,
så ville eg knapt trukket pusten i reint kjøkken-engasjement)

...Skulle ønske eg hadde bilder av nettopp det,
men framleis er det berre dagdrøyming og bilder på netthinna...






NESTE INNLEGG: Kjøkkenfantasiar

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...