Thursday, March 17, 2011

Nedtelling

I dag er det berre 100 dagar igjen til vi giftar oss! Og 100 dagar er jammen ikkje lenge. Skulle ønske eg kunne sakke ned på tida litt. Men å halde att klokkevisarane eller eventuelt å gå meir drastisk til verks, og ta ut batteria i alle huset sine klokker hjelper fint lite. Tida er sin eigen herre, og nett no vil eg legge til "dessverre"..


Det er ikkje det at eg ikkje vil gifte meg. At eg har kalde føtter. Langt derifrå. Det er meir det at eg held på å gå varm. Eg må vel sei at eg har ikkje tenkt nøye nok igjennom val av tidspunkt, enda kor planlagt det heile enn er og var.. Mannen har sitt på det reine, han var tidleg ute med å stille spørsmålet "kva med juli eller august?".

Det er herleg å svinge seg under eit plommetre,
spesielt når ein kan nyte modne frukter samtidig!

I mai vert eg aleinemamma i vekedagane - med eksamenslesing og eksamen, og første veka i juni har eg siste eksamen. Vekene etterpå vert det flyttesjau og barnehageavslutting og -avskjed for begge husets born. Og vips, som ved eit trylleslag, så er dei nemnde neste hundre dagane gått og bryllaupsdagen står for kyrkjedøra. April må bli ein effektiv månad. Då skal eksamenslesing unnagjerast i lag med særemne og forprøver, alt av bryllaupsplanar må vere lagde og ei gradvis nedpakking av "unødvendigheiter" i leiligheita må vere påbegynt. Phu! Eg vert sliten av tanken..
Kanskje hadde mannen eit poeng med juli eller august allikevel? Det er lett å vere etterpåklok ;)

Desse hadde ikkje vore verst heller...
(Bilde frå Bohus)

Men mannen sine snusfornuftige innvendingar haldt heilt enkelt ikkje stikk mot mine argument: "årets finaste helg" og "mamma og pappa sin bryllaupsdag". Og tilbakelent som eg er, så legg eg meg no bakpå og tenkjer litt over alt som skal gjerast i eit par veker til.. Heilt til tidspresset tynger slik at ekstragiret set inn av seg sjølv. Sjølv om det ikkje er ein taktikk å anbefale andre, så må eg få sei at; det fungerar alltid! Heldigvis :)


Eg likar lilla. Det får meg til å tenke på lavendel,
og eg elskar lavendel! Hekla-saker har eg elles ei svakheit for også,
og summa summara er denne puta frå Bohus midt i blinken med andre ord...



5 comments:

  1. Gøy med bryllup:) Lukke til med planlegginga framover!!
    og du, eg bøyer meg i støvet når det gjeld den fordjupningsoppgåva di!! Og hvillken (bokmålsord-i know) ÆRE det må vere å legge den fram då!
    Mykje lukke til med det óg :D

    ReplyDelete
  2. så unge dåke såg ut! :P hehe :) gleda meg til bryllup! :D

    ReplyDelete
  3. Astri: Ja, det er kjempekjekt med bryllaup i vente :) Elles var det nok berre at eg dumpa innom til rett tid som gjorde at eg blei spurt, men takk allikevel :)

    Karianne: Vi var jo unge. Nei vent! Vi ER unge!! ;P

    ReplyDelete
  4. Å så spennende med bryllup ♥ Det blir nok helt fantastisk!

    Koselig at du er med på konkurransene mine! Lykke til i trekningen!

    Klem fra Hilde

    ReplyDelete
  5. :) Hei:) Så koselig og fin blogg du har! Og så stas at du ville bli med på påskelotteriet mitt! :) Spennende med bryllupsplanegging! Jeg hadde det akkurat som du på denne tiden for et år siden! Hjelpes, hvor mye som skulle gjøres! Men vet du, noe får du ikke gjort før de siste dagene uansett... Det kommer til å bli hektisk! Så bare pass på å ha hjelp på alle kanter, sjåfører som kan hente og bringe, kanskje barnevakt som kan hjelpe til littegranne. Men det var en superartig siste innspurt da! :) Fin kveld til deg!

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...