Monday, March 14, 2011

Kloke ord på fine skilt

Eg er veldig glad i skilt og veggord. Fordi vi leiger og eg ikkje gidder å bruke fleirfoldige hundrelappar på veggord som vi uansett ikkje får nyte synet av spesielt lenge, så har vi i staden mange skilt. Nokre ligg og berre ventar på at vi skal komme oss i hus, medan andre har fått innpass i leiligheita mens vi ventar...

Det siste skiltet eg kjøpte er eit slikt som har fått innpass. Fordi eg treng skiltet! Eg er ein bekymrar av natur. Tek joggeturane til mannen for laaaang tid i forhold til kva klokkeslett han på førehand sa han skulle vere heime, så tel eg sekund og vurderer når det er passande å melde han sakna. Når ungane klatrar høgt over bakken i leikestativ (ja, ok... kanskje ikkje veldig høgt, men høgt nok til å slå seg!), så skulle eg ynskje eg kunne satt opp eit sikkerheitsnett under dei. Just in case. No bekymrar eg meg for når vesle storegutt i huset skal begynne å gå til skulen aleine til hausten. Stort sett skal han berre gå på sykkel og gongsti, men han må krysse hovudvegen éin gong og ein noko mindre traffikert bilveg éin gong.. Og eg bekymrar meg for at eg ikkje skal prestere til forventningane (eigne såvel som andre sine), når eg om berre nokre månader er ferdig med studiane og skal begynne i arbeid...


Som du sikkert skjønner:
Eg treng verkeleg dette skiltet som ein dagleg påminnar!

(Beklagar dårleg bildekvalitet...)
...men berre sidan eg kjøpte det for eit par veker sidan, har eg greidd å motbevise påstanden nesten dagleg. Så gyldigheita er ikkje like stor lenger.. Sånn for at mine bekymringar ikkje skal virke heilt grunnlause liksom ;P

Eg bekymrar meg til dømes dagleg for at eg skal sprekke kvardags-sjokoladeforbudet mitt. Og trur du ikkje eg sprekk? Sjokoladeeting intreffer. Ofte.  





..med eller utan sjokolade... ;)
Sannsynlegvis med.

4 comments:

  1. De skiltene er rå flotte:)
    Hvilken leverandør er det?
    Har prøvd å finne de på nettet.
    (ps. kan du svare på bloggenn min så eg finner det igjen;)

    ReplyDelete
  2. Takk for hyggelig kommentar inne hos meg:) Nydelig skilt! Hadde passet fint for meg som er kronisk bekymra;)

    De prikkete koppene og eggeglassene er Green Gate ja:)

    Ha en fin dag,
    klem Jennifer

    ReplyDelete
  3. Koselig du stakk innom meg!
    De skiltene er knall kjekke!
    Trenger noen påminnelser i løpet av dagen..
    Ønsker deg en strålene sprudlene dag,med eller uten sjokolade :o)
    Goe klem fra Sol

    ReplyDelete
  4. Hei Iselin,
    ja dymo har holdt seg der et års tid snart!

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...