Tuesday, March 15, 2011

Humor i kvardagen

I det siste har det stadig rent inn søppelpost frå allslags e-postadresser, med under tittelemner som Enlarge your penis, Viagra wonderworld, Do you want a larger penis? og så vidare. Mange. Kvar dag. Mannen har spurt om han burde vere bekymra, og når eg har avkrefta grunn til bekymring og fulgt opp med "Kor kjeme alt av sånn søppelpost i frå!?", så har han svart med å gi meg eit aldri så lite overbærande blikk med høgt heva augebryn - "Det har sannsynlig litt å gjere med ka sider en oppsøker og legger igjen eposten sin hos vil eg tru....?"

Hmmh... Dessuten, og missforstå meg rett, så måtte eg vel eventuelt hatt ein kjønsskifte operasjon før eg eventuelt bestilte ei penisforlenging? Ellers så var jo mitt blåaugde spørsmål eit gyldent høve til å lire av seg ei frase, som heilt eigentleg var ei aldri så lita fanfare verdig. Eg lo like mykje av kommentaren til mannen, som av dei første av den etterkvert lange rekka e-postar som ramla inn i innboksen.. Og forresten er eg ikkje på snuskesider og legg igjen e-posten. Berre så det er sagt. Eller meir presist: Eg er ikkje på snuskesider og snokar. Men seriøst. Korleis kvitter ein seg heilt og holdent med sånn søppelpost!? Nokon som veit?


Elles syns eg det er (litt) vittig når interiørmagasinet BoligPluss skal kåre Noregs vakraste heim, og premiere vinnaren med eit nytt kjøkken. Treng Noregs vakraste heim eigentleg eit nytt kjøkken?... Kva med utemøblar i staden? Det er større sjanse for at Noregs vakraste heim har ein stygg hage, enn eit stygt kjøkken klart for utskifting. Berre ein tanke ;P





PS: Ventar forresten på ein sniktitt i bilder av Bohus sin nye utemøbelkolleksjon med salgsstart i månadsskiftet mars/april. Spennande! Vi får jo så stor hage no til sommaren, at eg er meir enn klar til å begynne å bevege meg i hagemøbelverda :)

PPS: Minner om GiveAwayen min, der du kan vinne skjønn veggdekor. Du kan melde deg på HER ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...