Thursday, March 10, 2011

Eg gler meg til

Det er ei kjend sak at kart og terreng ikkje alltid stemmer overeins. Og sjølv om snøen atter ein gong har lagt ei vinterkvit kåpe over landskapet, så seier kalenderen at "no skal det bli vår ute". Eg held ein knapp på at kalenderen snarast stikk av med sigeren, og tek innersvingen på moder jord som tydelegvis vil gje oss nordbuarar enda litt meir smaken av vinter..

Eg gler meg til vår og varmare dagar!


Ikkje fordi vinteren er frykteleg, men fordi eg lengtar etter og gler meg til at lavendelplantane mine skal blomstre og parfymere uterommet slik potpurri, vaskemiddel og duftoljer gjer innandørs! Og det er ikkje berre lukta som gjere det verdt å investere i ei lavendelplante - dei ser jo flotte og rustikke ut også med sine grøne, tynne blad og dei beskjedne men herlege fåblada, duslilla blomstrane..



Eg kjøpte to store lavendelplantar i fjor, i kvar si sinkbøtte. Og det var så herleg når vinden ruska i dei velduftande "småbuskene", og gjorde slik at den gode lukta spreidde seg på verandaen. Når vinden ikkje hjelper til med å parfymere uterommet, er eg ikkje vanskeleg på å hjelpe til med å ruske litt i plantane. Då er det ikkje berre lufta som vert mildt parfymert, men hendene også..

Lavendel er ikkje berre dekorativt og velduftande, planten kan nyttast også! For eit par år sidan hadde vi besøk av ein slektning frå Nord-Amerika sin sjølvutnemnde lavendel-hovudstad Sequim. Og ho hadde med seg lavendelsjokolade til oss - noko som gjerne høyrest merkeleg ut, men det var faktisk ein veldig interessant smak. Eg kunne tenke meg å finne nokre gode matoppskrifter med lavendel og prøve ut - eller kanskje eg kunne forsøke å lage min eigen lavendel-sjokolade?

Kva gler du deg til? Fortell det til Anne på Moseplassen du også!


4 comments:

  1. Lavendel ja :)
    Mannen har et bilde som skjermsparer nå, det er en diiiiger lavendelåker. Rekke på rekke i bølgende landskap. Duften må jo være overveldende.

    Takk for at du deler dine hagegleder, og måtte solen snart våkne opp igjen og jage vekk kong vinter, den snøen vi fikk i går var jo ganske unødvendig...

    ReplyDelete
  2. Herlige lavendel. Jeg gleder meg jeg også!!!

    ReplyDelete
  3. Duften av lavendel er uslåelig! Selv har jeg både fått, og i tillegg sådd lavendel, for det MÅ jeg bare ha! Krysser fingrene for at vinteren trekker seg tilbake snart!
    Lykke til!

    ReplyDelete
  4. Lavendel er herlig for alle sanser! Hege

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...