Friday, March 11, 2011

Hekla gryteunderlag

Hovudproblemet mitt i høve kjærleiken til hekla greier av stort og smått, det er nettopp det at eg ikkje er spesielt flink til å hekle sjølv. Eg skulle gjerne ha vore flinkare for å sei det enkelt.. Og ellers må eg innrømme at eg er glad Mormor, heklemester Nr1, ikkje er og snik rundt i bloggverda så ho kan få auge på dette makkverket av eit hekleri hos bornebornet...

Eg har lenge hatt ein haug av slike blomar - berre senteret og ikkje med dei grøne blada - for då eg var gravid med vårt vesle dunder, så hadde eg planar om å lage eit pynteteppe til vogna... Noko som ikkje var rosa eller lilla, ettersom det ofte blir overlass av dei fargane sånn ellers. Men sommaren 2008 gjekk fort, og då snuppa først var født og klarte seg vel og bra med arveteppe frå broremann, så vart hekleprosjektet liggande...


Heilt til no i veka, ein kveld då eg heller skulle skrive oppgåver i samband med studiane og febrilsk prøvde å finne noko anna å henge fingrane i.. Men enno treng vi ikkje noko nytt pynteteppe til noko barnevogn (skjønt, eg burde gjerne begynt no dersom det skulle bli fleire knøtt innan det neste tiåret..). Så dermed tenkte eg å lage maaange i alle fall eit par gryteunderlag.

Blada som eg då hekla på synest eg at vart greie nok, men ramma rundt det heile (eller kva eg no kan kalle det) er alt for slamsete (sjølv om eg hadde tenkt å hekle meir på enn berre desse tjafsane som syner her...) Eit gryteunderlag bør gjerne vere av vesentleg storleik og tjukknad, sånn mellom gryta og bordet, for at det skal kunne fungere som gryteunderlag (jf bordskånar) i det heile? ;P 

Eg er og har alltid vore særs glad i (gode) QuickFix løysingar. Eg er heilt enkelt utolmodig av natur når det kjem til saker som dette. Difor skulle eg veldig gjerne fått komme over nokre enkle og fine løysingar som eg kan nytte, for å få laga ferdig desse gryteunderlag-to-be hekleria mine. Oppskrift er strengt tatt ikkje nødvendig påkrevd, men bilder derimot er kjærkomne... :)

Så: Er det nokon der ute i Bloglandia som sjølv har eller veit om noko å vise til?  ...eg sit no her eg... og held inne F5-knappen i håp om ein liten kommentar med ei hensvisning til rette vedkommande.... :]



No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...