Wednesday, March 30, 2011

Du veit vel at...

Det er langt frå GreenGate og andre tilsvarande merkevarer, men påskeegga frå EuroPris er ikkje så verst dei heller, prisen tatt i betraktning... Eg kunne absolutt tenkt meg eitt eller fleire av dei fine egga frå GreenGate, men fordi eg ikkje vil risikere å havne i luksusfella med (student)økonomien, så får EuroPris duge i minst eitt år til om ikkje det kjem noko ramlande frå oven!


Gutungen: "Å nei!!!"

Eg lurte på kva i all verda som hadde skjedd, med bakgrunn i den tydelege fortvilinga som var å spore i stemma til 5åringen...

Gutungen: "Mamma! Påskeharen må ha glømt å ta med seg det eine egget etter påska i fjor, sjå ka som ligger på benken her..."

Eg venta berre på at haka på guten skulle begynne å vibrere og at tårene skulle sprette, men fekk ikkje sagt noko før han fortsatte

.."Og det betyr at det blir mindre snop til påska. Du MÅ levere det til han. Kanskje vi kan legge det ut eller nåkke, så ser han det når han skal legge ut dei andre eggene?"

Uforberedt på denne samtala om dette fenomenet, som ein eggleggande hare jo er, ettersom påska enda ikkje akkurat er rett rundt hjørnet, klarte eg nølande å mane fram eit tilsvar: "Neeei, ikkje tenk på det du. Han har så mange påskeegg på lageret sitt at det er ikkje nåkke problem. Du skjønner det, at med så mange egg som det han må legge ut og gjømme i naturen kvert einaste år, så rekna han med at nåkken forsvinner. Han kan jo umulig klare å huske kor han har lagt alle eggene, forstår du. Og derfor kjøper han inn litt nye kvert år, i tillegg til at han bruker om igjen dei gamle som han finner igjen. Skjønner?"

Gutungen: "Mamma, no trur eg du lyger... Eg meina det, eg syns du skal gi tilbake egget."

Eg: "Hææ!? Det er det verste eg har hørt.. Trur ikkje du eg veit ditta?? Klart det er sant. Eg er faktisk ganske mange år eldre enn deg, og har kjent til påskeharen mykje lenger enn du som berre er 5 år, så ditta veit eg faktisk. Dessuten vil eg ha egget til pynt."

"Greit, berre ha det til pynt, men det kommer til å bli mindre snop på oss altså... For påskeharen går nemmelig ikkje i butikken og kjøper påskeegg, for påskeharen finst ikkje, og det burde no i alle fall du som er voksen vite." Gutungen heva augebryna, som vanleg når han har truffe innertiaren, før han satte eit endeleg punktum med eit ettertrykkeleg "Faktisk!"

(Desse søte, små stod og smilte til oss i vegkanten på laurdag,
og minna oss på både vår og påske før snøen på ny hang i lufta...)

Medan trua på påskeharen, og julenissen og tannfeen med forgår hos borna før eg hadde håpa på - litt mystikk gjer jo på sitt vis kvardagen meir fargerik og spennande - så er det også enkelte saker og ting som består vesentleg lengre enn forventa. Til dømes avskårne nellikar.


Det er godt over to veker sidan eg fekk desse i hus. Rosene og dei fleste av nellikane har gitt etter for livet sitt krav om forgjengelegheit, og har alt stått eit par dagar og blitt stadig slappare i stilken, og har fått hengehovud med gustne kronblad. Andre derimot er framleis ganske så friske og fine den dag i dag. Desse har fått ein ny og litt mindre plass å bu på, no som dei ikkje krev like stor plass lengre som då dei var unge og trengte vokseplass.. 


Det er kjekt med sånt som varer!





PS: Hugs å melde deg på GiveAway'en som vert trekt på fredag! ;)

1 comment:

  1. En ting skal du ha, jeg blir fantastisk godt humør av å være inne på bloggen din. De hverdagsglimtene du deler og han lille arveprinsen du har der... han er helt kanon!

    Nydelig historie og vakre nelliker :-)
    Ønsker deg en fin fin dag!
    Klem

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...