Sunday, February 13, 2011

Til alle mammaer

Morsdag (og farsdag) er ikkje noko vi generelt feirar stort, men litt ekstra positiv merksemd har aldri skada nokon, så denslags set eg like mykje pris på som dei aller fleste av oss - for å gre alle mødre over ein kam...


Å sove lenge - i alle fall lenger enn ungane, som av ein eller anna merkeleg grunn er tidlegare våkne i helgene enn i vekene (kvifor er det slik!?), det er ein luksus eg har oftare enn morsdagen ettersom far i huset er (nesten) like A-menneske som det ungane våre er i helgene. Men å bli vekt av to stolte småtroll med kvar si sjølvlaga gåve på senga, og ein beskjed om at frukostbordet er ferdig dekt - det er ikkje kvardags helge-kost. For ein herleg start på resten av denne flotte solskinsdagen!

(klikk på bildet for å få det opp i full storleik,
så du kan lese det fine mamma-diktet som vårt vesle dunder
dekorerte og fekk med seg heim frå barnehagen på fredag)


(Klikk på bildet for å lese godguten sitt mamma-dikt,
og sjå den flotte teikninga av meg inni eit hjerte)


Når snuppa er ferdig med føremiddagsluren, og når søndagsbesøket har komt, då tek vi oss ein skogstur med ved og fyrstikker under armen, kalkunpølser og grove brød samt ei kake i sekken og så blir det bålgrilling og kake-eting i godt selskap. Så noko "feiring" kan vi vel skryte på oss, like mykje på bakgrunn av den fengande MGP-songen som vann den norske finalen i går, som på grunn av morsdagen. Det er viktig å med jamne mellomrom å finne noko å feire, morsdag, farsdag, valentinesdag eller ikkje. Og i dag er det tilfeldigvis morsdag - så kvifor ikkje kose seg litt ekstra?!

Gratulerer med morsdagen!
...og er du ikkje mamma og kan feire deg sjølv,
feir ho som er di mamma! ;)




PS: Lurer litt på kva vi skal feire neste helg.. Gje meg gjerne eit tips dersom du har ein god idé ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...