Saturday, February 26, 2011

Vasking, shopping og kooos

Endeleg mildveir og opphald, så i dag har mannen fått vaska bilen vår. Samstundes, med to knøtt på slep, skulle eg vaske kjøkkenet grundig med herleg Durance-lavendel-vaskemiddel.


Det viste seg å ikkje vere så lett som det kanskje kan høyrast ut, i alle fall for dei som ikkje har forsøkt å ha to knøtt på slep. To knøtt i tottane på kvarandre og i hælane på meg, begge like hjelpsame i vaskinga, og begge like ueinige om kven som skulle vaske kor. Og når eg etter eit ukjent antall spørsmål om "kan du vri filla mi igjen???", med krav om praktisk oppfølging frå mi side omtrent kvart andre minutt, då fann eg ut at dette prosjektet var relativt håplaust...

Dermed vart ungane "utstyrt" med nye "leikar", så dei heldt seg opptatt på eigenhand. Og det beste av alt: det rådde ingen tvil om kven som skulle styre kven av fingerdukkene!


Sidan, når vår raude bilstoltheit var skinnande og rein, så reiste vi på shopping. No har vi vinkaraflar og glasflasker til vatn nok til å kunne sette på bordet til bryllaupet. Eg har også fått meg enda fleire fine glaskrukker frå IKEA - eg synest dei pyntar fint på kjøkkenbenken med ulike tørrvarer i! Og sist, men kanskje i tidlegaste laget, har den første påskepynten anno 2011 komt på plass: 


Keramikkhøna stod liksom og klukka mot meg i butikken, så eg kunne ikkje nett gå i frå ho heller. Dessutan er det godt å dele hønemor-rolla med nokon, og forøvrig gjer ho seg også til å vokte gryna i dei fine glaskrukkene på kjøkkenbenken :)


No er det tid for det vi kallar voksen-TV (altså alt anna enn barne-TV), og medan vi slappar av og switcher mellom tv-kanalane ettersom vi ikkje finn noko vi eigentleg vil sjå på, så kooosar vi oss med sunn sjokolade! Det er heilt nesten sant - berre sjå HER ;)



1 comment:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...