Friday, February 25, 2011

Eg er ikkje sint, berre veldig, veldig skuffa...

Boligmessa i Arenum var kjedeleg! No kan det vere at messa er som ho skal vere, dette er jo første (og siste) året eg er innom. Men, eg hadde altså sett føre meg noko anna enn "pølseboder", Fame-fotografene og ikkje mindre enn fire ulike stands med akkurat dei samme taksteinane, og enda fire til ulike stands og alle med berre badekar for salg...

Ingenting interiør what so ever, og forresten heller ingen golvleverandørar - som vi kunne trengt ettersom dette er noko av det vi finn vanskelegast å bestemme oss for... Eg som hadde håpa på ein stooor messehall med mange og varierte stands!? Som sagt: eg er skuffa, og eg kjenner på at eg har full forståing for 2-3åringane sine jamnelge trassbyer. For no vil eg nemmeleg på interiørmesse, og det med ein einaste gong! For det var nemmelig interiør (laust som fast) eg såg føre meg at eg skulle få sjå, i tillegg til alt det andre som var der...

Allikevel - dagen var ikkje så galen at den ikkje var god for noko: Begge ungane kosa seg i ein barnepark der inne, med frukt, kjeks, ansiktsmaling, vannmaling, film og hoppeslott berre for å nemne noko. Og dagen fekk ei perfekt avrunding med pizza-kvelds med brus og is til dessert hos Dolly Dimples, til glede for såvel mamma og pappa, som for våre to ansiktsmalte småløver!


Ein kan ikkje la vere å vere nøgd med dagen,
når ein har to så skjønne og blide småløver i familien!?

Og forresten trur eg vi har funnet trappa vår, som vi skal ha i huset vårt - Fiol heiter modellen, og den vert levert av produsenten Stryntrappa. Vi skal ha valnøttfarga, parkettmønstra trinn, medan opptrinna og resten av trappa skal vere kvit. Skulle jo hatt eit bilde å vise fram, men det gløymde eg å ta av modellen som var satt opp på messa. I stadenfor har eg lagt inn link til produsenten sine sider, der nettopp denne trappa er vist - berre trykk på produsentnamnet ovanfor i dette avsnittet ;) Vi skal forresten ha 180 graders sving, og ikkje 90 graders som er vist på heimesidene til produsenten...




..og ikkje minst - ei finfin helg!
          *endeleg fredag*

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...