Friday, February 11, 2011

Frå eit bornleg perspektiv

Toåringen kjem strålande som sola over Sahara
etter å ha vært på badet og gjort seg klar for legging..
"Vil du eg ska vise deg nåkke!?" seier ho og glisar enda breiare
"Ja!?" svarar eg, rimeleg nysgjerrig på kva i all verda ho skal vise meg no,
som tydelegvis er SÅ flott!?
Ho klatrar opp i sofaen og set seg ved sidan av meg, dreg beina opp under seg,
strekker ut armene - ned til føttene, og skil storetåa frå nabotåa,
før ho følger opp med å spre dei andre også, etter tur.

Ho ser på meg med tindrande auge, smilande og tydeleg forventningsfull.
Eg ventar framleis på at ho skal vise meg dette fine, flotte
som ho annonserte på vei opp trappa.
Eg er minst like forventningsfull som den lille kroppen ved sidan av meg...
"Ser du ikkje?"
"Ka ska eg sjå?"


"Masse, masse sokkerusk!!!"
"Ååh, du vil at eg ska hjelpe deg å ta det vekk??"
"Nei!!!" ho set opp ei morsk mine: "Det ska vere sånn, eg lika sokkerusket mitt!"
"Åh..." repliserar eg i mangel på andre ord sånn umiddelbart,
før eg nølande og så overbevisande entusiastisk som det er mogeleg legg til:
"Jaaah... sååå... fint det er... all sokkeloen du har der..."

Det er visst ein fascinerande første gong for alt - til og med sokkelo.
Eg skulle ynskje eg éin gong til fekk mogelegheit til å sjå verda frå eit born sitt perspektiv!

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...