Friday, February 11, 2011

Å handle utan å betale

No kan det høyrast ut som at eg har havna i feil spor, men det kan eg med handa på hjertet avkrefte. Eg føler tvert i mot at dette er den riktige vegen å gå.

I dag har eg handla med gåvekort - snille husbonden min fekk eit gåvekort på 500,- hos Kremmerhuset for å svare på "nokre" spørreundersøkingar. Så her tidleg i veka som har vore, kom han heim med ein konvolutt adressert til meg. "Ver så god. Eg tenkte Kremmerhuset var ein grei butikk for deg å få eit gåvekort i?" Han hadde heilt rett, det er Perfekt!

Så i dag, på ein herleg ekstra fridag, reiste eg og ei venninne til byn. Mine einaste, kjempekjekke ærend var altså å handle utan å eigentleg betale på Kremmerhuset (altså med gåvekort), og å skaffe katalogar og lister til å potensielt føre opp ynskjelister til bryllaupet. Kvelden i kveld kjem med andre ord til å gå med til å velge ut kva butikkar vi skal ha ynskjeliste hos... Kjekt det!

Men tilbake til gratis-handlingsen i dag. Synest forresten eg fekk myykje for pengane - og enda har eg halve gåvekortet til gode!

Ei fin shabby-byste til 49,-


Eg er framleis glad i fattigmannssølv,
og denne skjønne vasen koster 59,- til fullpris


Eit lite Velkommen-skilt utført i tre,
til 49,- blanke myntar...


Endeleg har nokon tatt inn slike stålskeier
som eg lenge har leita etter!!!
Kjøpte 3 stykker, så eg har éi til mjølkrukka og éi til sukkerkrukka også.
(39,- pr stk)

Er det berre meg, eller gjer dei assosiasjonar til
smågodthandling på nærbutikken for 20 år sidan?


Desse skjønne barnerom-skilta koster 39,- pr stk (truur eg..),
og eg gler meg til dei skal få pryde kvar si dør Heime hos Oss i Villa Neset!
...ser for meg at namna til ungane utført i vinyl-vekk-stickers limt over skilta på døra...



I tillegg kjøpte eg to sett med tre knaggar til kr 29,- pr sett, eit bilderamme dekorert i Elsa Beskow-Putte i blåbærskogen-stil med plass til to bilder og med den fine prisen 29,-.

Må forresten legge til at eg måtte bytte inn den fiine, fiine såpedispensaren eg kjøpte der for litt sidan, laga av klart glass og børsta stål. Metallet reagerte nemmeleg med såpe (!!!) og eira noko grådig, og det var visst slik med alle dispensarane - og ikkje berre min som eg hadde håpa på. (Alle som har kjøpt slike kan utan vanskar få pengane tilbake eller tilgodelapp!) Dermed vart det ikkje ny fiin såpedispensar på meg, men tilgodelapp, så eg hadde ikkje mindre enn 700,- å "gratis-handle" for til saman.. LOVE IT!

Dei har fått inn mykje fine, nye varer der no, og holdt enda på å pakke ut når eg var der, så eg drøyer litt før eg reiser ned og snopar meir.. Men har peila meg ut eit flott trebilde med ein skjønn tekst som eg har lyst på, så kanskje kanskje vert det eit slikt om ikkje dei pakkar ut noko enda kjekkare dei næraste dagane :)

Forrige helg kjøpte eg dette store, flotte lysfatet på Skeidar til spottpris (170 pga ein liten bulk):

...har planar om at dette skal bli eit lite "bord",
plassert oppå ein nett amerikakoffert eller
eit par gamle skinnkoffertar lagt i stabel...
Får sjå når vi er vel inne i Villa Neset!

...og dessutan har dei fine bokstavar til 19,- pr stk hos Skeidar, så eg kjøpte S for søskenkjærleik, og plasserte den ved sidan av dette herlege bildet (om eg kan sei det sjølv) av godungane mine:



Ynskjer deg ein fortsatt fin fredag!


2 comments:

  1. Så utrolig mange fine bilder det var her i din blogg. Gleder meg til å ble meg bakover!! Klem Kristine

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...