Wednesday, February 9, 2011

Å, for eit liv, for eit herleg liv!!!

Toastmaster i boks i går, kokk i boks i dag, og med eit godt potensiale for å "bokse" hovmester og ytterlegare enda nokre servitørar og kokkar om nødvendig...

Bruda er ikkje lenger bridezilla (som i T-Rex), men meir... bridesilly (som i avslappa, humørfylt bride to be). Livet er skjønt og bryllaupsplanlegging er Lett - i alle fall no som dei største puslespillbitane er på plass. Det har ikkje vore like "lett" å sovne kvar kveld, og draumane nattestid har ofte handla om totalt katastrofale bryllaupssituasjonar. Men alt kjipt gløymer ein fort, så snart situasjonen snur, og no er alt stress blåst bort med vinden og eg har gløymt at det kan vere styr å få ordna det som trengst å få ordna.

(sjå kor avslappa eg er...)

No skal eg berre nyte resten av planlegginga, kose meg med å pirke og putle og håpe at det ikkje slår inn voldsomme "katastrofer". Som at all sjokoladespisinga gjer brudekjolen for liten, at brudesko uten hæl blir umulege å oppdrive, at selskapslokalet vert ramma av tsunami, at kokken får husarrest av kona fordi han tek på seg for mange bryllaupsoppdrag, at toastmasteren mister humoren eller at ein syklon feier gjennom leiligheita og tek med seg alle bjørkehjertene (trur neppe Knut blir med å lage 8 nye nemmeleg..)...

Forutan at vi har ein potensiell tornado faretruande innomhus (les: vårt vesle dunder), så er det vel ikkje mykje reell fare for noko av det andre. Forutan det med kokken, men det er vel berre å krysse fingrane og håpe det held. Å krysse fingrane har aldri skada før i alle fall, så eg kryssar no eg! ...skadar ikkje om du kryssar du også, om du ikkje har noko anna å henge fingrane i.. På førehand takk for hjelpa.

XXX

2 comments:

  1. haha, eg krysser ALDRI fingrer!!! har opptill fleire ganger ærfart at det går motsatt vei då :P hehe.

    Vi vart ferdige med våres kvisthjerter i går og. Måtte ta det over 2 dager hehe. Fekk laga 16 stk (små) så det må jo berre bli kanon :D

    ReplyDelete
  2. Å himmel, 16!!! Så flinke dåkke har vore :)
    Kva vil små seie? ...du veit at bilder er obligatoriske? ...på FB til dømes ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...