Wednesday, February 9, 2011

Bli med!

Som du kan sjå i venstre sidemeny her i bloggen, så er eg ein buzzador. Det vil seie at eg med jamne mellomrom får tilbod om å teste ut ulike varer - det kan vere alt mellom himmel og jord frå MP3-spelarar til kaffi, og dersom det er varer eg er interessert i takkar eg ja og i motsett tilfelle kan eg også takke nei.

Takkar du ja til å teste ei vare får du gratis tilsendt ein normalstor pakke med varen, og i tillegg får du cirka 10 stk mindre vareprøver av samme vara som du skal dele med vener og familie. Når varen er testa ut gjer du di tilbakemelding via eit enkelt skjema på buzzadorsidene, og denne tilbakemeldinga skal innehalde di eiga vurdering samt ei samanfatning av dine veners synspunkt på vara.

Det er veldig enkelt og veldig kjekt også, å få prøve nye varer ut frå ditt eige interessefelt. No treng dei fleire medlemmer, og spesielt gravide og småbornsforeldre med born født frå 1. februar 2009 og seinare. Anten du er innanfor gruppa dei treng fleire medlemmer innan eller ikkje, dersom buzzador-aktivitet synest interessant;

Bli med du også! Du melder deg enkelt inn med å trykke på denne linken her, for så å fylle ut skjemaet. Er du heldig får du snart tilbod om ein kampanje pr e-mail!


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...