Saturday, February 5, 2011

Ei fjøl og ei fjøl til...

Eg har nemnt det før. Vi driv med husbygging. Svigerfar driv med hubygging. Til oss :)
Medan vi sit i Bergen, er sjuke (influensa), blir friske (sakte, men sikkert), studerer, arbeider, betalar rekningar, ser på TV, surfar på nettet... Samstundes veks heimen vår fram på tomta vår, takka vere mannen sin flinke, pensjonerte snekker-pappa. Når andre snakkar om folk som er fødd med gullhår på unemnelege stader, eller sølvskei i munnen, då held eg og mannen godt stilt.

Når snekker-pappa'en til mannen har komt tilstrekkeleg langt med snekkerarbeidet, så skal elles elektriker-pappa'en min i lag med elektriker-mannen min sette i gong med det elektriske... Nokon som nemnde gullhår eller sølvskei? ...ingen kommentar, forutan at eg gjerne skulle hatt ein rørleggar-svoger til å hjelpe den våtromssertifiserte-snekker-svigerfaren min med kjøkken og bad... Bah! Dette innlegget var dømt til å bli eit skryteinnlegg.. Beklager! Men samstundes - I LOVE IT!

Nok skryt... skulle forresten gjerne kunne skryte med bilder, men som sagt - vi sit i Bergen og tomta er langt herifrå, så vi ser faktisk ikkje kva som skjer frå dag til dag. Men vi var heime i jula då, så eg kan jo vise korleis tingenes tilstand var den gong då...

Frå å ha ein liten og nett port med ein smal veg bort til huset, som her:

 
..så hadde vi plutselig fått ein king size dobbel-allé som byr velkommen inn til det som etter alt å dømme blir Villa Neset, for ikkje å sei Neset Mansion ;P



Den delen av huset som er å sjå frå vegen her, vert verande som den er. Dette er den eldste delen av huset, oppført av min oldefar for snaaart 100år sidan... På baksida, bak ved gravemaskina, kjem tilbygget som vi skal bu i :)


I det næraste hjørnet av ringmuren skal vi lage middag, og sitte og sjå mot fjorden i ein djup vindaugskarm mens den gode matlukta spreier seg i huset... I hjørnet mot venstra skal vi sitte og nyte maten, gjerne i godt selskap rundt eit stort spisestuebord, eventuelt går vi ut verandadøra som vert plassert i ringmuren "framfor" armen til gravemaskina i bildet... I hjørnet til høgre skal vi kvitte oss med maten etter nokre timar, når den har komt gjennom fordøyingskanalen. Og vaske oss... Og så, avrundar vi dagen nede ved den svart-plast-kledde veggen av ringmuren, i stova. Kanskje saman med vener, som har kome inn via entreen som vert plassert like ved stova, like ved der du ser den gamle innerdøra som står att på bildet? ...kanskje ikkje så lett å sjå, eller i det heile å forstå? Bah! ...eg skulle hatt fleire og bedre bilder, og eg skulle gidda å redigere dei, med markeringar og slikt.. Knuut!? Kor er du, som skulle vere byggeblogg-oppdateringsansvarleg??? 

Vel.. mi oppdatering er betre enn inga oppdatering :) Det er i alle fall det eg seier til meg sjøl her eg sit og skriv mine usedvanleg dårlege beskrivingar ;D 

Fortsatt god helg!!  


2 comments:

  1. så kjekt at det tek form! Gleda meg til å begynne på vårt hus og.. Eg e jo omtrent like heldig som deg med ein pensjonert byggmester svigerfar og ein elektriker mann ;) Også meg sjøl da.. må for all del ikkje gløyme meg.. eg som kjem med så mange gode/ubruklige idea :P

    ReplyDelete
  2. Ja, det er veldig kjekt! :)

    Fint å vere så heldig, og forøvrig skal ein ikkje kimse av oss som kjem med idéane også ;P ..hadde ikkje blitt det samme uten :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...