Jammen har vi ikkje, i tillegg til personleg snekkar, ein personleg
framdriftsfotograf også.. Pappa (også kalt
Besten) har teke bilde av huset vårt - slik det ser ut i dag, og Besta har sendt bilda til oss.. :) Plutseleg har vi veggar! ...og takstolane ligg klar og ventar på å bli løfta på plass :) Nesten så det berre er nokon som har sagt
Sim Sala Bim - og
vips så var der eit hus... Svigerfar føler det gjerne ikkje på den måten, men vi derimot ;P
Det ser visst litt halvsnodig ut no, men den eksisterande delen litt sånn perifert malplassert uti enden der, men berre vent... Trur
det blir bra!! :D ..det er i alle fall det vi har planlagt ;)
Vel... eg sit på feil maskin i skrivande stund, så dermed har eg ikkje fått "smootha" kantane på bilda, slik eg har pleidd å gjere... men so be it!
No comments:
Post a Comment
Legg gjerne igjen eit spor etter deg!