Wednesday, January 26, 2011

Hillbillies in Town!!!

"Just follow the crowd, and you'll find the market ;)" ...den vennlige proto-type-briten (reint utsjånadsmessig) tipsa oss før vi eigentleg visste at vi var usikre... Er det så obvious at vi er turister og totally lost - for å sei det som den snille raudhåra og lyserosa mannen truleg tenkte om oss?


Ja, okei då! ;P Med sekk på ryggen, Knut'en med ei hue som lyser Nordmann lang veg (sjølv om den altså vart kjøpt i England...), speilrefleksen stadig på magen til ein av oss, kledd for ei polferd, og med London-guiden i handa på stadig utkikk etter skilt som kunne fortelle oss kor vi var henn i verda til omtrent eikvar tid... Eg gjentek - hillbillies in town! ;D Men altså - er ein turistar så er ein turistar - vanskeleg å legge skjul på...?


Eg trur vi fekk tatt dei fleste "obligatoriske" London-turist-bilder som er å ta... ;) Godt vi ikkje vert lett utskjemde av oss sjølve, og godt for ungane at vi tok denne turen aleine så dei slapp å bli utskjemde :D


Sjå kor liten og lett den store klokka er! Eg kan holde den i blinde med berre to fingre til og med!!!
Skjønner du ikkje kva klokke eg snakkar om? Då kan Knut'en vise deg det, litt bedre enn eg tydelegvis greidde...


Ja, no kjente du ho igjen tenkjer eg! Big Ben, med Knut foran i ein "her-var-vi-positur" :)

Her var vi også... Forran Buckingham Palace, for dei som ikkje umiddelbart dreg kjensle på bygget (som meg sjølv...) XP Tja... så såg vi London Eye (gadd ikkje prioritere en tur med den..), London Bridge, London Tower, Westminster Abbey... hmmmh... tjah... Gjorde vår egen sightseeing-tour med toetasjers bussane - billigare ettersom vi alt hadde dagskort på bussane for heile opphaldet, og dessutan kunne vi då prioritere sjølvvalde mål utan omvegar ;) Kan anbefalast med andre ord, spesielt fordi det er LETT å komme seg rundt i byen med dei ordinære rutebussane :)

Jaaa, så var vi sjølvsagt en tur ned til og over Themsen... Fordi bilder seier meir enn ord, så treng eg ikkje nemne at den elva er SKITTEN!!! XS ...brun og full av gugg...


Vel over elva, via Millenuim Bridge, tok vi en tur på kunstutstilling...


Tate Modern kan verkeleg anbefalast, her såg vi verk av store kunstnarar som Dalí, Miró, Picasso, Munch, Pollock og mange mange fleire. Til og med Knut (som eigentleg ikkje bryr seg nemneverdig om slikt) synest det var kjekt å ta turen innom! Og då er det verdt eit besøk... kunstelskar eller ikkje... ;) Hehe :)

Tjah... når eg ser etter no så var vi særdeles dårlege på å dokumentere turen med fotoapparatet... :S Shame on us! Men det viktigaste er vel ikkje det materielle vi sit att med, men tida vi brukte i lag og minna vi sit igjen med ;)

...så får vi heller vere flinkare å ta bilde neste gong vi er der, for ja - det blir nok ein neste gong :)
   


PS: Kan legge til at vi budde på eit lite familie-drive hotell ved Kings Cross, ved namn Alhambra Hotel, det var absolutt ikkje førsteklasses, men det var greit nok og ikkje minst rimeleg... Kurant frukost og sånn ellers var vi jo allikevel ikkje på hotellet ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...