Sunday, February 6, 2011

Mykje innetid og litt planlegging

Vi har vore sjuke her i det siste. Influensa så det har kosta etter. Godt det er lenge mellom kvar gong ein får det! Neste gong er ikkje før eg er førti, og det er no enda ei stund til :) ...men når sant skal seiast kjennest det ikkje ut som det har forlatt heimen heilt enda, men det kjem seg litt og litt, sakte men sikkert :)

Som eit resultat av sjukeperioden, som har strakt seg over to veker så langt, så har det blitt vel mykje innetid for einskilde av oss... Spesielt for Mamma... Så i dag bestemde eg meg for å hente inn litt natur!


...og eg fylte kjøkkenet med kvist :)

Vårt vesle dunder, som nett hadde bada og gjekk barfota rundt i leiligheita, kom for å sette seg til kveldsbordet; "Mamma!? Eg kan ikkje gå her... Gulvet er jo heilt fullt av pinner!!!"

Ho vart løfta på plass av sterke pappa-hender, mata og sendt i seng. Storebror fulgte like etter at Newton var slutt på TV'en...

Og så satte eg og mannen oss ned ved kjøkkenbordet og arbeidde med kvisten. 8stk store, flotte kvisthjerter (kan ikkje kalle det bjørkehjerter, for det er absolutt ikkje berre bjørk i dei...) vart resultatet. Godt at vi er to, for då er det MYKJE lettare å få dei faste og solide :)


Desse skal inngå som dekorelement til bryllaupet vårt - i kyrkja og i festlokalet. Godt med alt som er gjort, sjølv om desse absoutt ikkje er ferdige. Det gjenstår å pynte dei med litt fin, grøn mose, ivory-farga sommarfuglar og roser, men det får vente til vi nærmar oss. Tvilar på at mosen ville holdt seg like godt desse månadane fram til bryllaupet, som eg har tru på at kvisthjerta vil gjere ;)



4 comments:

  1. øøøhm, *kremt*, får vi stjele ideen litt ? :P hihi var super kult, og det ferdig e resultatet ser eg for meg blir kjempe fint :)

    ReplyDelete
  2. Seff! Og det beste med det er at man kan få gjort den verste jobben (hjerte-bindinga) ferdig i goood tid før ;) ...og så blir det billigare enn om man skal kjøpe massevis av oppsatser eller liknende hos blomsterbutikk :)

    Får forresten kjøpt billige sommerfugler til å pynte hjertene med på nettet; http://www.balloons-galore.net/
    ...visst du vil ha sommerfugler da... ;)

    ReplyDelete
  3. det var snilt ;) eg såg for meg å lage noken mindre visst det lar seg gjøre til å henge på benkeradene i kirka :) OG visst det lar seg gjøre, bruke markblomster. Har du egentlig studert løvetannen f.eks? ein meir knallande gulfarge skal man leite leeenge etter hehe :) men må sjå litt åssn sommaren arte seg. Om det blir berre regn regn så satse eg ikkje på det ;) har uansett ein backup plan ;)

    ReplyDelete
  4. Mine skal henge på kirkebenkane ;) Åpningane i hjertene (hjertehalvdelane liksom) er ikkje større enn at det akkurat går trur eg :) ..sånn at dei vert hengane litt på skrå liksom.. evt fester vi sløyfe/hyssing på baksida, så vi henger dei på kirkebenkane ved hjelp av hyssingen... Får sjå :) Fin farge på løvetann ja, men temafargen vår blir lilla (sammen med eit par andre...) så vi holder på lilla roser ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...