Wednesday, December 1, 2010

Min gyldne engel

er eg veldig glad i. Like glad i den, som i det vakre reinsdyret mitt :) Eg fekk engelen for snart eitt år sidan, i bursdagsgåve frå to skjønne venninner :) Det var veldig kjekt å finne engelen att i julepynten, og å sette den fram. Trur kanskje dette blir ein heilårsengel... Eg likar den så godt! ..eller er den for julete?


Det har forresten blitt enda fleire gråpapirposar med julerøykelse... Likte desse bedre enn dei forrige posane eg lagde. På utsjånad altså - lukta er den same ;) ...kremmarhus og hamp har noko nostalgisk og jordnært over seg, akkurat som jula... Sett vekk frå den kommersielle delen av jula, så klart ;)


2 comments:

  1. Ein engel for heile året, seier no eg :) Anita

    ReplyDelete
  2. Kjenner på meg at eg er veldig einig med deg, Anita :D

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...