Tuesday, November 30, 2010

1. søndag og jula har gjort sitt inntog


Eg kan ikkje hugse sist eg var juleklar så tidlig som i år... Eg gler meg meir enn ungane til adventstida (som begynner for fullt i morgon!!!!!!! :D ), og minst like mykje til julafta med pynt, god mat, familien samla i barndomsheimen (utanom Pappa som må på jobb i Nordsjøen :( ...det vert ikkje det samme utan han...), julekaker, røykelse og anna som gir høgtidsstemning :)

Dette nydelege reinsdyret,
som står til knes i kongler og utvalde krydder
som spreier julestemning i form av godlukt,
fekk vi av yngstesyster mi til jul i fjor.
Love it!
Er det ikkje vakkert, vel?

Vi har enda ikkje fått bakt julekaker her i huset, og strengt tatt trur eg vi kjem til å vente til etter den 14., når eg har hatt semesterets siste eksamen. Så foreløbig har vi kun kjøpte pepperkaker og havreflarn, for å pirre julekjensla. Nissar og englar - mest englar ettersom eg likar dei betre enn dei raudkledde, adventsstake og ellers masser av telys, krones- og kubbelys samt dei herlege snøballysa frå Nille er det som pyntar heimen.

GOD JUL-skiltet kosta 29,- hos Kremmerhuset

Men prikken over i'en, det som verkeleg gjer julestemning til heimen, er mi heimelaga røykelse. Ei blanding av kongler, krydder, tørka frukt og eterisk olje - ei blanding med diverse som minner meg om jul. I mangel på røykelse-/duftoljebrennar, har eg fylt KariTrestakk-sauseskåla med røykelse i staden for. Og det virkar som berre det - no luktar heile heimen av ekte jul! ..og det er like nydelig å komme inn ytterdøra kvar gong, og kjenne den gode julelukta snike seg inn nasa...


Og dersom du har lyst på ein prøve av julerøykelsen min, så skal det absolutt la seg gjere.. HER finn du ein eigen post med min juletidsgiveaway ;) ...der trekk eg 3 heldige som får kvar sin pose med 25gr julerøykelse á la Iselin :)

Eg må forøvrig gjere oppmerksom på at røykelsen eg loddar ut, og røykelsen eg sjølv kjem til å bruke framover, er meir bearbeidd enn den på bildet over. Eg var berre så ivrig på å få julelukt i huset, at eg ikkje "hadde tid" til å la kongler, krydder og tørka frukt få ein omgong med mortar og siden dørslag... ;P Det luktar jo det samme, men den bearbeidde ser finare ut i den grad brune krydder er fine :)

Alt du treng å gjere for å vere med i trekninga, er å legge igjen ein kommentar med kontaktinfo (e-mail, mob.nr, blogg eller anna eg kjenner deg att på ;) Merk: Du treng ikkje ha eigen blogg eller google-konto for å delta, og det er ikkje vanskeleg å legge att ein kommentar... ;)





Ha ei fortsatt nydeleg adventstid, og ikkje gløym å opne kalenderen i morgon ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...