...og vips simsalabim og hokuspokus filiokus,
så vart denne saftflaska frå IKEA...
(No kom eg på at eg har veldig lyst til
å gå og sjå den siste Harry Potter filmen på kino...
apropos tryllestav, liksom ;)
(anbefalar lingon-safta i staden for fläder-safta fra IKEA forresten,
svenskane er langt flinkare med tyttebær enn med hylleblomst tydelegvis...)
...til såpedispensar! Det vil seie; ettersom eg kjøpte både tyttebær-
og hylleblomstsafta, så fekk eg heile 2 såpedispensarar!
Du berre bløytar opp etiketten med lunka/varmt vatn,
skrubbar så mykje som mulig av papiret av flaska,
og så brukar du rikeleg med vanleg matolje
(raps, solsikke, oliven... det er eitt feitt bokstavleg talt)
til å vaske vekk limet! ;)
Til slutt vaskar du flaska godt med oppvasksåpe,
eller i oppvaskemaskina om du ikkje er utolmodig,
og til slutt: skru på ei pumpe med passe stor skrukork :)
...eg har brukt pumpene til desse eingongsdispensarane
frå Grace Cole:
..men eg tippar at omtrent einkvar "standard"
eingongs såpedispensar har pumpe med skrukork
som matchar storleiken på flaskehalsen til IKEA-flaskene...
Synest forresten at halsen på såpedispensarane mine
ser litt lange ut...
Lurer på kva eg skal pynte med for å ta fokuset vekk frå dei lange halsane?
Vert glad for tips!
...kanskje ei blonde med sløyfe på kunne gjort seg, eller eit vanleg silkeband?
Stilig!! ditta var virkelig stilig:) Syns ikkje det gjor nåkke med lang hals så du seier, for det var berre enkelt i seg sjølv... Stilig oppfinnelse og vekk med de stygge "orginal" innpakkningane:))
ReplyDeleteSå genialt!! Gjennbruk er supert ;-)
ReplyDeleteJeg har forresten en GIVE AWAY, som kanskje kan gjøre hverdagen litt mer smakfull? Se her: http://www.lekenhverdag.com/2010/11/give-away-med-tre-vinnere.html
Ønsker deg en fin dag!
Hilsen Carina