Saturday, December 11, 2010

Kanskje ikkje heime hos oss...

No er eg ikkje bevandra i moteverda på nokon måte, og i alle fall ikkje når det kjem til juletre-mote. Faktisk så visste eg ikkje at det fantes juletremote!!?

Men i forgårs kunne altså min kjære innvie meg i juletremoteverda, via nettskjermen. Utallige interiørbloggarar og interiørmagasin hyller dei nye juletrea som er komne på marknaden (for nokre år sidan). Tre med sjel, vert dei karakterisert som. Sedertre heiter dei, og koster deg minst nokre hundre kroner over ein tusenlapp...



Shabby-trenden har gjort sitt inntog i jula også, til gangs! ..og vil du ha dei enda meir shabby, pjuskete og nålefattige enn dei du ser her, så må du nok ut med i alle fall 2000,- ;) Uglier is better tyder på å vere eit slagord ;P Eit tips, som eit alternativ til å kjøpe dei dyraste, kan kanskje vere å kjøpe juletreet allereie i dag, og så berre la vere å gje treet vatn fram til julafta?





PS: Sånn ellers så er eg i grunn ganske så glad i den slitte, rustikke stilen... Berre ikkje når det kjem til plantar, sjølv om potteplantane mine ser ut som at eg streber etter å få ein slik effekt på den fronten også XP hehe..

3 comments:

  1. Jamen! Hakje du spart treet frå i fjor? Det hadde nok vore midt i blinken! :D

    ReplyDelete
  2. Ikkje dumt, ikkje dumt! Då sparer ein både miljø (færre nye tre som må transporterast frå plantefeltet og til salgsboda) og ein sparar pengar. MYKJE pengar dersom prisen interiør-ekspertane påstår at desse pistrete kvastane kostar stemmer... (Eg gløymde å sjekke prisen på desse... oppdaga dei på veg til Pepperkakebyen, og ungane var ikkje einige i at desse pinnane var verdt å stoppe opp ved... ;P)

    ReplyDelete
  3. Ha-ha-ha. Jeg tenkte akkurat det samme som deg, da jeg leste den artikkelen. Jeg synes det er godt at ikke alt skal følge en mote. Noen ganger er tradisjonene og minnene viktigere.

    Ønsker deg en fin dag!

    Carina ;-)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...