Tuesday, December 7, 2010

Julekort - sparetips

Dersom ein har for vane å sende ut julekort til slekt og vener i stort fleirtal, og likar å drive med digitalscrapping (bilderedigering - gjerne ved hjelp av enkle, gratis nedlastbare redigeringsprogram som til dømes PhotoScape), så kan ein spare ein del pengar.


Alternativet er å nytte "Lag sjølv"-julekort hos Posten, FotoKnudsen, JapanPhoto eller andre som leverar tilsvarande tenestar. Men uansett kven ein vel av sistnemnde eller deira konkurrentar, så vert det utvilsomt billegare å gjere det heilt sjølv. Og når ein berre har sett seg litt inn i redigeringsprogramma, så tek det neimmen ikkje stort lengre tid å gjere det sjølv eller via fotoleverandørane sine program.. 


Dersom du til slutt nyttar Elkjøp Fotoservice sitt gratisprogram (Cewe) for å laste opp og kjøpe kopiar av dine sjølvdesigna julekort, så kan du enkelt kvalitetssikre at utsnitta vert slik du har tenkt, eller eventuelt tilpasse utsnittet manuelt dersom du har laga det i "feil" format når du har redigert det ;)


Ein kjapp gjennomgang av ein potensiell framgongsmåte;

1. Finn (og evt last ned) ein fin bakgrunn til julekortet
2. Rediger bakgrunnsbildet med tanke på evt ramme, fargejustering og anna
3. Finn eit eller fleire fine bilder/motiv
4. Rediger bilda med evt ramme, fargejustering og anna om ynskjeleg
5. Plasser bilda på bakgrunnen
6. Vel ut og skriv inn ein fin tekst, ei julehelsing eller anna

NB: Hugs å tenkje på vanleg foto-storleik når du planlegg og komponerar julekortet (9x13/10x13, 10x15 eller anna fomat som fotoleverandøren din tilbyr ;) 




2 comments:

  1. Trur eg må laste ned phtoscape og.. eg har bare photoshop

    eg håpa du har tenkt å sende julekort til oss og!

    ReplyDelete
  2. ..og eg håpar at dei som trykker julekorta våre har tenkt å få dei ferdige og sendt til oss før jula er over oss ;P

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...