Thursday, December 2, 2010

Eit lite flikk med tryllestaven

...og vips simsalabim og hokuspokus filiokus,
så vart denne saftflaska frå IKEA... 

(No kom eg på at eg har veldig lyst til
å gå og sjå den siste Harry Potter filmen på kino...
apropos tryllestav, liksom ;)

(anbefalar lingon-safta i staden for fläder-safta fra IKEA forresten,
svenskane er langt flinkare med tyttebær enn med hylleblomst tydelegvis...)

...til såpedispensar! Det vil seie; ettersom eg kjøpte både tyttebær-
og hylleblomstsafta, så fekk eg heile 2 såpedispensarar!


Du berre bløytar opp etiketten med lunka/varmt vatn,
skrubbar så mykje som mulig av papiret av flaska,
og så brukar du rikeleg med vanleg matolje
(raps, solsikke, oliven... det er eitt feitt bokstavleg talt) 
til å vaske vekk limet! ;)

Til slutt vaskar du flaska godt med oppvasksåpe,
eller i oppvaskemaskina om du ikkje er utolmodig,
og til slutt: skru på ei pumpe med passe stor skrukork :)
...eg har brukt pumpene til desse eingongsdispensarane
frå Grace Cole:


..men eg tippar at omtrent einkvar "standard"
eingongs såpedispensar har pumpe med skrukork
som matchar storleiken på flaskehalsen til IKEA-flaskene...

Synest forresten at halsen på såpedispensarane mine
ser litt lange ut...

Lurer på kva eg skal pynte med for å ta fokuset vekk frå dei lange halsane?
Vert glad for tips!
...kanskje ei blonde med sløyfe på kunne gjort seg, eller eit vanleg silkeband?

2 comments:

  1. Stilig!! ditta var virkelig stilig:) Syns ikkje det gjor nåkke med lang hals så du seier, for det var berre enkelt i seg sjølv... Stilig oppfinnelse og vekk med de stygge "orginal" innpakkningane:))

    ReplyDelete
  2. Så genialt!! Gjennbruk er supert ;-)

    Jeg har forresten en GIVE AWAY, som kanskje kan gjøre hverdagen litt mer smakfull? Se her: http://www.lekenhverdag.com/2010/11/give-away-med-tre-vinnere.html

    Ønsker deg en fin dag!

    Hilsen Carina

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...