Tuesday, September 21, 2010

Litt nytt og heimelaga

Vel, det fyrste eg vil vise er i grunn ikkje nytt lenger. Eg har berre ikkje komt på å ta bilde av den, før i går.. Gutungen var faktisk den som valgte ut at vi skulle ha denne, då det stod mellom fattigmannssølv og ei sånn der pyntekrone i antikkfarga stål. Eg vann eit gåvekort på Panduro for litt sidan, i ein blogcandy, og det gikk altså med til å betale denne i tillegg til litt hobbyting ;)

*Stadig hekta på fattigmannssølv*

Og det som gjorde at eg kom på å ta bilder i går, det var kremfarga potteroser fra Rema1000 til den nette sum av kr 29,-


Det er så kjekt med friske blomster i heimen, men eg er i grunn ikkje overbegeistra for å skulle kjøpe bukettar til meg sjølv. Kjekt å få, men ikkje noko eg kjøper sjølv for å pynte i heimen... Dei visnar så fort, og dessutan har dei ein tendens til å bli ståande inne i vasen lenger enn kva som er helsigt, fordi det er noko herk å få kasta bukettar (med ofte lange stilkar) i vanleg boss. Nei, då er det kjekkare med blomster i potte. Og så roser, og så sååå billig!? ...er det ikkje!?... Fiiine synest eg i alle fall, og dessutan var det på tide at denne potta frå IKEA fikk jobbe litt igjen. Med den høge dødsraten på levande plantar her i heimen, så har vi uhorveleg mange blomsterpotter som står arbeidsledige og støver einsame ned på terassen, i kjøkkenskap og under trappa :S ...eg arbeider med å gjere fingrane mine grønare, så eg får sysselsett pottene igjen ;)

So far, so good! :)


Og så har eg gjort litt handarbeid etter gammalt. Når eg no seier litt, så meiner eg verkeleg litt. I løpet av nokre skarve timar (trur ikkje fullt det eigentleg kan snakkast om timar i fleirtal når rett skal vere rett), med TV'en som godt selskap, så kom denne syltetøyglasdrakta til. Her har eg trekt eit tomt syltetøyglas med hekla "klede", og brukt det som telyslykt. Synest lyset denne lykta gav frå seg var ganske så fint, og dessutan så framstår lykta i seg sjølv som ganske romantisk med denne heklaoutfit'en ;)


Det er forøvrig ikkje noko i vegen for å trekke eit fullt syltetøyglas med heklaoutfit. Då gjer det seg minst like fint på frukostbordet, som syltetøy i skål. Og dessutan er det langt meir sytalaust å kle på og av eit syltetøyglas når ein skal dekke kjøkkenbordet til søndagsfrukost, enn å helle sylta over i ei skål for så å helle det tilbake i glaset att når bordsetet er over :) Forsøk på å fortelje korleis eg har laga trekket finn du HER, men som det kjem fram av innlegget der, så er ikkje oppskrifter og fagutrykk innan hekling heeeilt mi greie ;P



Lykke til med heklinga, om du kjem nokon veg med "oppskrifta" mi :)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...