Thursday, October 7, 2010

Ingenting varar evig

..heller ikkje potteroser... I alle fall ikkje potteroser som, bless them, flyttar inn hos oss...

Eg veit ikkje kven eg eigentleg prøvde å lure.. Deg? Mannen? Potterosa, i det ho skreik for livet sitt og om nåde i det eg plukke ho ned frå hylla på Rema1000? "Og så til spottpris!!!!??" jamra ho (truleg) til butikksjefen i det eg plasserte ho på bandet, og drog visakortet... 

Eller kanskje mest var det Meg Sjølv eg prøvde å lure!!??!? Kanskje det... Grøne fingre har eg i alle fall for N'te gong vist at eg ikkje har. Nei, fingrane mine er og blir brune. Sånn i planteverda altså... Elles kan eg ikkje skryte på meg brune pigmentar i huda hverken her eller der... ;P Sommaren var ikkje spandabel med sollys, men det er vel allikevel snarare genane mine eg kan takke for ei evig vinterbleik hud... Hmh.. tilbake til temaet, og vekk frå den forbitra brunfargedigresjonen.

Det ville vore ufint å legge ut bilde av potterosa slik ho ser ut i dag. Nokre usle få veker sidan ho kom i hus. I motsetning til huda mi, så er rosene pr dags dato brune.... Uheldige (eller heldige??) roser!


Eg får nøye meg med å nyte synet av slik rosene ein gong var... For dei var fine. Den gong då.
Heilt fram til tikk, takk, tikk, takk og snipp, snapp, snute - levetida var ute.

I morgon går dei i bosset... :(



PS: Håpar på bedre lukke neste gong. For at mine framtidige potteroser beheld sin porselsenskvite farge vesentleg lengre enn denne gongs potteroser, og forøvrig at framtidige somrar deler sol i utstrakt grad slik at mi særdeles dårleg pigmenterte hud kan sjå frisk og sunn ut på farge litt lengre enn til månadsskiftet september/oktober. Amen :)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...