Thursday, September 2, 2010

Når enden er god..

Nokre dagar blir ikkje alltid heilt som ein har tenkt. Og nokre dagar har ein berre ikkje tenkt. Dagen i dag høyrer til sistnemnde. Eg skulle ynskje eg hadde tenkt. Spesielt skulle eg ynskje at eg hadde tenkt, då eg fann meg sjølv sittande i ein forelesingssal med ein ukjend forelesar, omringa av medstudentar som eg ikkje visste var mine medstudentar. Der var knapt eit einaste kjend ansikt å sjå kring meg. På notatbøkene til dei ukjende "medstudentane" mine, stod det Tilpassa opplæring. Eg skulle ynskje eg kunne teke Tilpassa opplæring i tillegg til norsken i år, men på Høgskulen i Bergen får vi ikkje lov til å ta meir enn 60 studiepoeng om gongen, sjølv om det passar aldri så godt med timeplanen. Difor går eg altså ikkje Tilpassa Opplæring...

Så no sit eg altså på datarommet i E-blokka. Mimrar om fjoråret då eg høyrde til i E-blokka og avdeling for Kunst & Handverk, og tykkjer synd i meg sjølv. Synd i meg sjølv fordi eg ikkje går Kunst & Handverk i år også, og synd i meg sjølv fordi eg er sveitt og har høg puls, og synd i meg sjølv fordi... Eg må sitje på skulen i to og ein halv time før forelesing når eg eigentleg kunne vore heime litt lenger og hatt ein god og roleg morgon.

Heldigvis har eg kaffi (med mjølk og sukker ;), heldigvis har eg Facebook og heldigvis har eg tid nok til å kunne lese igjennom pensum for i dag - for det gjorde eg nemmeleg ikkje i går. Ingenting er vel så gale at det ikkje er godt for noko. Men sjølv om morgonen var "godt for noko", så ville det vore å ta hardt i å påstå at den var god. Derfor håpar eg på ein bedre ende på dagen som starta så hastig og feilberekna uberekna..

For, når enden er god, då er allting god :)



Ha ein fin dag, gjennomtenkt eller ikkje.. :)

3 comments:

  1. Huff da;(
    Men må nesten le litt og da..Du skriver på en så morsom måte..hehe..
    Og godt å se at det ikke bare her i huset det avigtil går litt fort i svingene;)

    ReplyDelete
  2. Takk :)
    Og du, det er lov å le :) Eg ler óg, i alle fall no etterpå ;)

    ReplyDelete
  3. Fin blogg Iselin!

    likte også ditta sitatet over: "Ingenting er vel så gale at det ikkje er godt for noko" smart :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...