Thursday, September 9, 2010

Stillstand

..men det er med god grunn! I desse dager, ved sidan av den ellers også passeleg oppfylte kvardagen, held vi på å førebu bursdagsfest. Vi feirer nemmeleg halvrund dag her i huset ganske snart, og sist eg sjekka så var halvrund dag noko ein feirar litt ekstra. Vel er det ikkje like stort og flott som rund dag, men samstundes flottare enn ein "vanleg" bursdag som ikkje er halvrund ein gong... I alle høve:

5 år

Det er verkeleg ikkje noko å kimse av, og det gjer vi heller ikkje.. Derfor førebur vi, fram til søndag då det skal feirast. Jubilanten har bestilt monsterbursdag, men mamma veit ikkje heilt kva det inneber. Det veit ikkje jubilanten heller. Han veit berre at han vil ha ein monsterbursdag. Og ein seier ikkje "nei" eller denslags til ein som har ein halvrund dag, så derfor skal mamma lage monsterfest, sjølv om ho ikkje er heilt sikker på korleis det skal bli.. Enda.. Ønsk oss lukke til! :) ...så skal de få sjå resultatet, og forhåpentlegvis ein Nøgd halvrund, sjokoladekakestappa jubilant etter søndagen, når lokalet er lukka og lyset på barnerummet slukka.. :)

2 comments:

  1. Gratulerer med 5 åringen og til lykke med monsterbursdag. :D Det kan bli spennende det! :)
    Håper dere får en kjempe fin dag.
    Klem fra Ragnhild! :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...