Så no sit eg altså på datarommet i E-blokka. Mimrar om fjoråret då eg høyrde til i E-blokka og avdeling for Kunst & Handverk, og tykkjer synd i meg sjølv. Synd i meg sjølv fordi eg ikkje går Kunst & Handverk i år også, og synd i meg sjølv fordi eg er sveitt og har høg puls, og synd i meg sjølv fordi... Eg må sitje på skulen i to og ein halv time før forelesing når eg eigentleg kunne vore heime litt lenger og hatt ein god og roleg morgon.
Heldigvis har eg kaffi (med mjølk og sukker ;), heldigvis har eg Facebook og heldigvis har eg tid nok til å kunne lese igjennom pensum for i dag - for det gjorde eg nemmeleg ikkje i går. Ingenting er vel så gale at det ikkje er godt for noko. Men sjølv om morgonen var "godt for noko", så ville det vore å ta hardt i å påstå at den var god. Derfor håpar eg på ein bedre ende på dagen som starta så hastig og
For, når enden er god, då er allting god :)
Ha ein fin dag, gjennomtenkt eller ikkje.. :)
Huff da;(
ReplyDeleteMen må nesten le litt og da..Du skriver på en så morsom måte..hehe..
Og godt å se at det ikke bare her i huset det avigtil går litt fort i svingene;)
Takk :)
ReplyDeleteOg du, det er lov å le :) Eg ler óg, i alle fall no etterpå ;)
Fin blogg Iselin!
ReplyDeletelikte også ditta sitatet over: "Ingenting er vel så gale at det ikkje er godt for noko" smart :)