Tuesday, August 10, 2010

To nye kjøkkenløysingar

Har endeleg fått forslaga i frå kjøkkenleverandørane lasta ned på PC'en min.. Må forøvrig berre sei, at no har eg blitt så vand med tanken på vår eigne, tenkte løysing, at alt anna verkar rart og framandt! Men kjekt med desse forslaga i alle fall, for enn så ulike dei er, så har begge noko til felles med vår private (tenkte) løysing :)

Dette første er komt frå Drømmekjøkken, som har mange fine kjøkken. Vi vil gjerne ha ein benk med oppbevaringsplass under vindauga til høgre, men ikkje slik som dette... i det heile tatt.. Vi vil ha benken som del av ein permanent veggseksjon, med høgskap på kvar side av benken. Ventilatoren ikkje etter vår smak, men plasseringa av komfyren er gjerne ikkje så dum. Vil elles kun ha skuffer under benkeplata, og altså ikkje skap.


Kanskje vi kunne fått oppvaskmaskina ein stad mellom vasken og komfyren?


Det følgande forslaget har kome frå Nettoskap. Eg likar ikkje profilane på dette kjøkkenet, men løysinga... Love love love halvøya!!! :D ..sååh, no skal vi ha halvøy.. a la sånn som vist her, berre at den skal komme omtrent der som vindauget til høgre begynner. Slik får vi også plass til den nemnde seksjonen på veggen til høgre ;) Høgskapa på veggen til venstre skal reduserast med eitt, slik at benkeplata på veggen ikkje vert fullt så snau som her... Då får vi gjerne plass til my beloved porselensvask der? ..og komfyren midt mellom vindauga :)


Med ei slik halvøy har vi enda igjen masaassevis av fri benkeplass så vi kan ete frukost på kjøkkenet (i staden for i spisestua), og til og med ha masse gode arbeidsflater til middagslaginga seinare på dag :)  ..sjølv om den åpenbart ikkje vert like stor som her.. ;P


No har eg berre enda meir lyst til å få teikna kjøkkenet vårt sjølv, sånn at vi kan få opp ei perspektivteikning av det heile og vurdere om det er like lurt i verkelegheita som det er i tankane våre ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...