Sunday, August 22, 2010

Laurdagskveld og godt samvit

Det er ikkje ofte vi kan skryte på oss godt samvit ein laurdagskveld, men det var nettopp det vi hadde i går. Må innrømme at det sjeldent har vore vegetar- eller fiskemat på menyen ein laurdagskveld her i huset før, men no er det jo altså innført på menyen vår :) Og poenget, det viktigaste av alt liksom - det var ein suksess! ..enda ein tilståelse må vere at eg var greit skeptisk medan eg lagde til denne eigenkomponerte fiskeretten, men eg var raskt overbevist når vi først satte oss ned og åt. Sjølvskryt, javel, men det var Godt! :D


Retten består av oppkutta pangasius-filét (frå frysedisken på Rema1000), cashewnøtter, grøn karripasta (frå Meny), kokosmjølk, strimla kinakål, appelsinfiletbetar i eiga saft, raud paprika, hakket chili eller sweet chilisaus om du liker maten ekstra sterk og så litt olje til marinering og steiking.


Pangasius er ein oppdrettsfisk som er mild på smak (kanskje fordi den ofte vert fora med rismjøl og bananer?), og som ein får kjøpt frå frysedisken hos Rema1000 til ein rimeleg penge. Las i kveld på WWF sine sider, at oppdrettet kan føre til at uheldige stoff og sjukdommar kan sleppe ut i naturen og øydelegge for den ville naturen. Så ein bør gjerne sjekke korvidt pakken med pangasius på Rema er miljømerka eller ikkje, for det har nemmeleg ikkje eg tenkt på før no i kveld!

Karripasta får en kjøpt i større dagligvarebutikker med godt utvalg, som til dømes Meny, CoopObs!, Mega og andre.. Pasta'en finst forøvrig i raud variant også, men dei smakar ulikt, og til denne retten nytta eg altså den grøne ;) Hverken raud eller grønn pasta har forøvrig noko som helst til felles med gult karripulver på smak.

Appelsinfilétar skjer du til sjølv av ferske appelsiner - bruk altså ikkje noko slike hermetiske greier, det blir ikkje det samme! Steg for steg lagar du appelsinfilétar ved først å skjære skalet inkludert det kvite laget av appelsina med ein skarp kokkekniv:


Skjær ut filétane ved å kutte så nærmt inntil den kvite hinna som ligg mellom "båtane" som du klarar. Det er om å gjere at minst mogeleg av fruktkjøtet sit att på hinna. Eg føretrekk forresten å bruke ein rilla kniv (brødkniv til dømes) for å gjere dette.


Når du har skåret heilt inn til midten av appelsina, vippar du fileten av den andre hinna som den sit fast i;


Når alle filétane er ute, klemmer du ut det som er att av fruktsaft, for å få med alt som inneheld god, frisk og søt appelsinsmak til bruk i karriretten :) Grunnen for at eg bruker filétar utan det kvite rundt og inni appelsina, er at dette kvitet inneheld mykje beisk smak, som altså ikke er lik den friske og søte appelsinsmaken som er i fruktkjøtet og safta. Eg lovar, det er verdt tida det tek å filetere appelsina!

Mariner det terna fiskekjøtet i 1-2 toppa tsk med grøn karri (vi bruker barneskeier, men så likar vi godt sterke karri-rettar ;), litt hakka chili og ein dæsj sweet chili saus, saman med ein dæsj nøytral olje (raps til dømes). Eg lot det trekke smak i ein god time, men det er nok strengt tatt ikkje nødvendig..

Forvarm grytepanna, og ha i fiskekjøtet saman med cashewnøttene. La det heile småkoke i marinaden til denne er så og sei innkokt i fisken. Ha på terna paprika, appelsinbitar og jus samt kokosmjølk. La det heile koke opp, før du legg strimla kinakål på toppen og legg på loket.

Retten er ferdig når kinakålen har sunket saman på toppen. Rør om og server med kokt ris ;)
Tok ingen bilder av den ferdige retten, men det er kanskje like greit.. Den smakar laaangt betre enn den ser ut til :D
  




PS: Husk å ha godt samvit når du et! Det er nemmeleg halve opplevinga ein laurdagskveld, og ikkje minst velfortent. Det einaste her som ikkje er fullt så sunt som det kunne vere er kokosmjølka, den burde vore feittredusert men det hadde dei ikkje på Rema'en der vi handla..

2 comments:

  1. du burde vore kokk!
    eg kunne aldri komt på ein sånn rett!

    du har forresten fått ein blogg award på bloggen min :)

    ReplyDelete
  2. ;D ..eg likar bransjar som er meir fair enn hotell- og restaurantbransjen, så då får det halde å kose seg med matlaging på heimefronten i staden for å arbeide som kokk.. :) Men takk, tar det som eit kompliment :)

    Og takk for award, så koselig! :D

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...