Friday, August 27, 2010

There ain't no cure

Har ikkje brukt studiedagen i dag slik den truleg var meint frå høgskulen si side, men no var det no ein gong slik det vart, at eg for fyrste gong sidan ungdomsskulen (truleg) gjekk på kino før lunsj. Dagen kjennest velbrukt, på fleire måtar.. Kino slår sjeldan feil, lunsj er nødvendig, handling gjere godt (er enda ikkje kvitt bassilusken, og blir det truleg heller ikkje på ei stund..) og alt dette til saman er ekstra kjekt når ein har godt selskap med seg :)

Forresten, trur eg for litt sidan skraut over super-kuppet eg gjorde på BikBok, då eg fekk 3 jeans til totalt 50,-. Vel, i dag vart dette gåvesalget gjort til skamme, då eg fekk 10 plagg til totalt  100,- hos Risøe! :) Kjøpte berre overdelar, for det trengte eg.. Eller, alt er vel relativt, men eg hadde i alle fall lyst på og det kjendes ikkje relativt. Og tenk, eg fekk ein strikka-tunika, to gensrar, ei lang t-skjorte og seks singlets for berre 100,-!! :) ..ting ballar fort på seg, og eg fekk vatn på mølla når eg fyrst hadde gjort eitt kupp, så eg handla litt meir men det er ikkje like mykje å skryte av sånn prismessig... ;P


Handla sjølvsagt ikkje berre til meg sjølv.. Så dette fikk mannen, fordi eg er snill og fordi han fortener det ;P Kremmerhuset har forøvrig mange fine, sånne skilt :) ...har lyst på fleire... XS

PS: Kinoen vi var på var Varg Veum - Skrift på veggen, og den anbefalast ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...