Monday, August 2, 2010

Alternativguide Del2

Eg kan like gjerne advare først som sist; Er du mann er gjerne dette ikkje det ultimate innlegget for deg.. Du brukar truleg lite innlegg, og er truleg ikkje interessert i innlegg, bind og tampongar eller anna i den gata. Gitt at du ikkje er spesielt interessert i denslags av uvisst grunn, eller så sant du ikkje er spesielt interessert i kvinners velvære sjølv på dei tidene i månaden då kvinner stort sett føler seg lite vel uansett kva dei bruker av den ovanfornemnde. Og det trass i alle bind- og tapongreklamane sine mange lovnader om komfort, velvære, sjølvsikkerheit og you name it.. Kan ikkje sei at eg har fått kjent så mykje på noko av lovnadane desse produsentane har kome med, mensen går generelt ikkje hand i hand med hverken komfort eller velvære for mitt vedkommande uansett kva bind eller tampong som vert nytta.

Kanskje har mannen i huset rett. Kanskje er dette vel personleg og vel sært til å publisere på denne måten. Men det er berre det, at hadde eg kome over alternativet eg no skal fortelle om tidlegare så hadde eg hatt det litt bedre med mensen langt lenger tilbake i tid enn kva eg altså har hatt. Så eg let mannen bite i det sure eplet, og vel å dele det med dykk allikevel. Men eg må sei, eg forstår at nokre av dykk gjerne vil rynke på nasen av dette (eg gjorde det sjølv første gong eg høyrde om det), og at fleire gjerne ikkje kjem til å sjå på det som eit reelt og aktuelt alternativ for eige vedkommande (eg brukte tid på det sjølv, før eg bestemte meg for å prøve..).

Vel, here goes...

Bedre enn nokon bind, tampongar eller truseinnlegg eg nokon gong har forsøkt er mooncup'en, menskoppen, mensbegeret.
Kjært born har mange namn. For ja, det er verkeleg eit kjært born! Mitt er av merket lunette og er kjøpt hos Bleieboden. Bortsett frå at menssmertene er som dei pleier, så merker eg ikkje lenger at eg har mensen, og det er rett og slett ein befrielse (kven liker vel å ha mensen, og å gå med dei vemmelege binda eller dei ekle tampongane?). Begeret kjem forøvrig i to ulike størrelsar; ein for kvinner som ikkje har debutert seksuelt og/eller har små blødninger, og ein størrelse for kvinner som har debutert seksuelt og/eller har større mensblødninger. Alt etter kor mykje ein blør, tømmer ein begeret frå to gonger i døgeret og oppmot fire gonger, alt etter personleg behov.

Begera er laga av medisinsk silicon og er snilt mot kroppen, i motsetning til tampongar ved hyppig bruk ettersom tampongane tørkar ut slimhinnene. I tillegg til ved bading og sport generelt, kan begeret brukast også om natta. Men første natta i perioden brukar eg bind som ekstra sikring med tanke på lekkasje. Ellers er mi erfaring at det er ikkje nødvendig med noko i tillegg til begeret. I alle fall ikkje etter at eg vart vand med å bruke begeret, noko som sjølvsagt krevde nokre periodar ettersom det er ei treningssak å få det på plass slik det skal ved vakuum mellom begeret og sjedeveggane, slik at det ikkje lekker. 




For å sette inn begeret bretter eller ruller ein det saman, slik at diameteren vert mindre, tilsvarande ein stor tampong omtrentleg. Ein set så begeret inn som ein tampong, men fører den ikkje like langt opp i sjeden som ein gjere med ein tampong. Når ein er vand med bruken av begeret kjenner ein ved å vri og dra lett i begeret om det er på plass slik det skal eller ikkje, men fram til ein er trygg på bruken er det ein fordel (med tanke på eventuell lekkasje) å kjenne etter med ein finger om begeret er folda heilt ut eller ikkje. Det følger forøvrig gode instruksjonar med begeret.

For reingjering vaskar ein begeret med vatn og såpe (fortrinnsvis uparfymert), og heller over kokande vatn. Eg har ein eigen boks med lok til som eg oppbevarar begeret i når det ikkje er i bruk, og som eg også har begeret i når det skal steriliserast med kokande vatn. Då kokar eg opp vatn, som eg så heller over begeret liggande i boksen. Let begeret ligge i vatnet nokre minutt før eg heller ut vatnet, og let det stå og lufttørke før eg set loket på boksen.  Enkelt, hygienisk, komfortabelt og ikkje minst miljøvenleg. Vil ein dra'an heilt ut og verkeleg gå for eit miljøvenleg alternativ, så kan ein bruke tøybind som ekstrasikring den eine natta eller dagen i perioden som ein eventuelt føler trong til det :)    



Bilda er lånt frå Bleieboden, mookychick.co.uk og menstrualcupinfo.wordpress.com


Har eg klart å vekke nysgjerrigheita di det minste lite grand, så foreslår eg absolutt at du tek turen innom Bleieboden.no for å lese meir om mensbegeret. Det er verkeleg verdt eit forsøk, for om det er noko på marknaden som kan revolusjonere opplevinga av å ha mensen, så er det utvilsomt menskoppen! Eg anbefalar den av heile mitt hjerte. Aldri meir klamme bind og truseinnlegg eller ekle tampongar som tørkar ut slimhinnene her i gården i alle fall, for eg går definitivt aldri vekk frå denne praktfulle løysinga etter at eg først prøvde den. Aldri! 




PS; Når du først har prøvd den og lært deg å bruke den, er eg ganske sikker på at du ikkje kjem til å bruke noko anna meir du heller ;) Lykke til :)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...