Sunday, August 1, 2010

Forslag frå Norema

Vel, vi har uttrykt tidlegare at vi likar godt eit av IKEA sine kjøkken. Men det finst verkeleg mange veldig flotte kjøkken rundt omkring hos andre store, og meir eksklusive kjøkkenleverandørar. Vi kan ikkje la vere å kike rundt og drøyme oss vekk heller... Og finn vi drømmekjøkkenet ser vi vel ikkje vekk frå at vi legg litt meir pengar i det, sett i høve til IKEA-kjøkkenet vi har sett oss ut.


Eitt alternativ er altså kjøkkena frå Norema, som heiter Edel og Tid. Her er eit bilde, henta på Norema sine heimesider, at kjøkkenet som heiter Tid:


Vi var hos Norema i Bergen og dei ville teikne eit forslag til kjøkkenløysing for oss. Kort tid etter vi var der fekk vi to ulike løysingar tilsendt pr mail

Det eine forslaget er utarbeidd med stor benkeflate på heile tre veggar. Overskap på berre ein vegg, men til gjengjeld mykje store skuffer under den langstrakte benkeplata. Med dette kjøkkenet ville manglande oppbevaringsplass aldri bli eit tema.. eller.. aldri sei aldri, eg er jo ein storsamlar... Det ville i alle fall ta tid før plassmangel blei eitt eventuelt tema ;P hehe.. Komfyr er plassert sentralt i rommet på ei øy, der det også er plass til å sitte på barkrakkar rundt og innta eksempelvis frukost. Vi har ei spisestove tilknytta kjøkkenet, og denne kjem vil til å bruke dagleg når vi skal ete fellesmåltid som middag.  


På samme vegg som dei få overskapa er å finne, har vi også fått inn kjøleskap og frys, ein steamovn og ein steikeovn.


Personleg synest eg dette forslaget verkar for voldsomt med tanke på benkeflata, som forøvrig også med sin massive framtoning gjer veggane uten overskap overdrevent nakne. Vel er eg for å ha luftige kjøkken med litt færre overskap enn det tradisjonelle, men dette blei litt overkill (eller kanskje skal eg heller kalle det underkill?) for min smak. Eg er også skeptisk til denne løysinga med øya og komfyren slik. Eg tar kanskje feil, men ser for meg at det blir steikesprut heilt over på barkrakkane og gjerne også på golvet, når ein skal steike noko i panne der?..


På dette forslaget er det mindre langstrakt benkeplass og halvøy i staden for øy. Og sjølv om det ikkje er stort meir skap oppe på veggen enn på det forrige forslaget, så synest eg allikevel at dette ser ut til å vere eit langt meir lunt og heimekoseleg kjøkken enn det andre. Spesielt godt likar eg "seksjonen" med benk til å sitje på ved vindauga til høgre i bildet. Tenk så herleg å sitte der og sjå ut på frukt- og grønsakshagen ved uthuset, kanskje lese ei god bok, medan dagens middagsansvarlege kokkelerar og den gode matlukta sprer seg i rommet.. Å, eg ser det så klart for meg at eg nesten kan kjenne luktene og velbehaget! Men forøvrig vil vi få det samme (eventuelle) problemet med komfyr på øya her, som på det forrige forslaget.. Skulle gjerne fått høyrt erfaringane til nokon som har denne typen utforming, der komfyren står plassert slik på ei øy som dette..! :) Uansett, dette forslaget ser unekteleg bra ut sett bort frå komfyr-problemet mitt :) Eg kunne lett like å ha dette kjøkkenet!

Skulle eg forresten endra på noko, så måtte det vere å få flytta den vakre porselensvasken bort framfor vindauget, og vidare plassert komfyren mot ein vegg. Kor eg skulle plassere komfyren er eg elles usikker på, sjølv om alternativa åpenbart ikkje er uhorveleg mange. Tekk uansett i mot forslag med stor takk :)

2 comments:

  1. Mitt tips er å ikkje flytte vasken framfor vindauget. Vi har vask framfor vindauget sjølv, og vel skylling av fat, ungar som leikar/sølar med vatn og div vert vindauget veldig fort skittent og flekkete. Det er iallefall vår erfaring. Ellers har i mitt framtidige kjøkken planlagt ei halvøy til baking/frukost og div og konfyren mot ein vegg for å få best mogeleg arbeidsplass til meg og ungane der vi kan stå på kvar vår side og jobbe i vei med f.eks. julebaksten og liknande :)

    ReplyDelete
  2. Æsj, og eg som såg for meg at vask foran vindauget var Gull :/ ...drømme seg bort mens ein vaskar opp.. X) Men ser det potensielle problemet. Hmmh... Då skal hverken vask eller komfyr vere på halvøy eller forran vindauget.. *går i tenkeboksene*

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...