Wednesday, July 28, 2010

Tid for uterom

Sommaren er den viktigaste tida for uterommet i løpet av året, men kor mykje rom det er for å bruke tid i hagen, med to små å passe på, er også eit tema.. For sommaren, og med det meinar eg ferien, er jo vel så mykje tida for å vere i lag med ungane - familien. Slik det er no så er vi heime med vår framtidige bustad kun i feriane, og då blir det desto meir press på timane med godveir når vi altså er heime og kan gjere noko. Samstundes er timane med goveir viktig å bruke litt saman med ungane også, så dei får gått på stranda, vassa, fange småkrabbar og plukke fine skjell medan dei er på ferie. Godveirsdagane kjem ho ikkje i bøtter og spann for deira vedkommande heller her på Vestlandet..
Men innimellom alle regnveirsdagane har vi altså klart å utnytte finveiret ganske greit.


Vi har vore på stranda to dagar - ein dag med regnklede og støvlar og ein dag med badeklede og handdukar :) Begge dagane hadde vi med kjeks og jus og diverse anna godt så vi uansett skulle kose oss - anten det vart regn eller om nokon skulle vere uheldige å få småskader på føtene på alle skjella i sanden. Små "ulykker" kan rettast opp igjen om ein berre har med det rette botemiddelet sjølvsagt :)


Elles har mannen vore effektiv og flink og saga opp tømmer og kløyvd ved så Mormor skal ha ved til vinteren, når gradene synker under frysepunktet og strømprisane skyter i veiret. Om nokre dagar kjem også Svigerfar for å hjelpe til med saging, kløyving og stabling - snill og nevenyttig som han er :) Så då får eg vere kaffikone. Kanskje blir det lappar eller vaflar på karane og alle oss andre også mens dei arbeider :)


Forøvrig er det ikkje berre mannen som har arbeidd ute. Men eg på mi side har vore meir oppteken med førebuingar til vi kjem heim for å bli verande neste sommar. Så no har eg laga plantekassar og ordna ein liten urtehage til oss. Kassane har eg gjort av gamle trekassar (dei største var brukt som eplekasser og den vesle har det vore grønnsåpe i..). Desse har eg altså malt i 2 strøk med restar av oljebasert kvitmaling (eggeskall-farga), og vidare kledd med grunnmursplast på innsida. I botn av kassane har eg lagt eit godt lag med lecakuler og så har eg fylt opp med plantejord. (Hageland har tilbod på 5 sekkar plantejord til 200,-). Foreløbig har eg planta løpstikke, basilikum, oregano, rosmarin, graslauk og sitronmelisse. Har fått lov til å "stjele" litt mynthe som pappa og mamma har i hagen sin for å plante ned også, pluss at eg må få tak i timian og bladpersille. Så har eg vel det meste eg kunne trenge.. :) Estragon burde eg gjerne hatt, men det brukar vi så sjelden at det trur eg ikkje eg gidder styre med å få tak i no uansett ;P Eg er forøvrig usikker på kva av urtene som held til neste år, men det ser eg no. Er ikkje verdas undergong om ikkje alt overlever vinteren og eg må kjøpe litt nytt. Då har eg i alle fall lært til neste år igjen.. :)


Blei godt nøgd med urtehagen min i alle fall :) Nostalgisk følelse får eg av å sjå på dei beplanta trekassane, med skjønne små sinkskilt påskrevet urtenamna (kjøpt på Plantasjen)! :)

Forresten så har hagen blitt pynta med to skjønne sinkbøtter med kvar sin lavendel oppi. Plantasjen hadde lavendel-tilbod, og ettersom lavendel er yndlingslukta til nasa mi om dagane, så kunne eg jo ikkje la vere å slå til :)

Og sånn heilt til slutt så må eg ikkje gløyme - eg har jo fått utnytta regnveirsdagane sånn nokon lunde også. Eg har handla litt for å sei det enkelt.. :) Eg har blant anna blitt hekta på sink, og ikkje mindre vart eg hovudstups forelska i boksane eg fann. Dermed måtte eg berre ha dei; ein til å oppbevare våtserviettpakning i som eg kjøpte på Ting, og ein til å ha diverse systæsj oppi som eg kjøpte på Kremmarhuset.


På Kremmarhuset fann eg også en nusseleg emaljert boks med lok til å ha vaskepulver oppi, og den kunne eg ikkje la vere att i butikken, stakkars. Så den vart med meg heim den også :)



Og så oppdaga eg at dei jammen har lavendel-stæsj på EuroPris også! Duftolje, potpurri og duftsteinar i boks skal få setje si lukt i leiligheita vår etter ferien ;) Litt er og litt der, så det ikkje vert for mykje så klart :P På Ting hadde dei ellers ein vaskemiddelserie som ser veldig fin ut, utan at eg enda har prøvd den. Den heiter BelleMaison og baderomsmiddelet i serien hadde ei lukt av lavendel og mint, så dermed vart det til at den blei med meg heim. Og visst den viser seg å vere bra, så skal eg jammen prøve ut fleire av produkta i serien også, ettersom den heiter seg å vere miljøvenleg også :)

Dette vart truleg mitt livs lengste blogginnlegg, og når eg allikevel er inne på "mitt livs" tematikken (og når innlegget allikevel er så langt..) kan eg liksågodt avrunde med å informere om at eg i sommar har fått mitt livs første flått.. Guffent, men allikevel ikkje så guffent som eg med min insektsfobi trodde det skulle være (heldigvis!!!) Leste forøvrig nylig at om ein et ei teskjei rå kvitlauk om dagen, så bit ikkje flåtten seg fast - kanskje verdt eit forsøk? ;)




...og god sommar vidare, med eller utan flått :D

2 comments:

  1. Sånne vaskepulverboksar har eg leitt etter!!! Kor mykje måtte du ut med for ein slik ein?

    ReplyDelete
  2. Eg klarte ikkje gå i frå den eg altså, når eg fann den :) Huska ikkje heeeilt nøyaktig men det var vel rundtom 150,- meiner eg å hugse ;) Eg vil ha reingjeringsbøtta i samme serien også eg, til å oppbevare "det fine" vaskemiddelet mitt ;) Men den ventar eg litt med, for den var dyrare og stoor, sett i forhold til vårt lille krypin i Bergen X( Kanskje eg blir nødt å kjøpe den og lagre den hos mormor ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...