Wednesday, June 16, 2010

No trur eg

- og det hadde eg eigentleg ikkje tenkt på som ei reell mogelegheit, at det går an å blakke seg på vaskemiddel... Men samtidig må eg legge til - det er veldig verdt det!




Nei, okei... Eg har ikkje blakka meg, men addict'en i meg tok overhand når eg var på FarmorsHus i dag for å kjøpe golvvaskemiddel med lavendellukt... Det var nemmelig eigentleg berre det eg skulle ha... Merk deg; EIGENTLEG!

I det eg hadde passert "dørstokken" til butikken og kjende lukta av lavendel og anna Durance-greier, så mista eg ALL kontroll. Utan at eg kan klandrast for det (rettsleg kallar ein det vel å vere utilregneleg i gjerningsaugeblunket) hadde eg plutseleg ikkje berre flaska med golvvask i handa (den er forresten komt i ny, praktisk forpakning med pumpe og er forøvrig blitt så fin at eg lett har den ståande på oppvaskbenken).. I tillegg hadde eg også ei akkurat like fin pumpeflaske med oppvaskemiddel (dette luktar himmelsk mint og verbena og matcher lavendel-lukta Perfekt!), samt også ei flaske av den originale typen med klesvaskemiddel. Kjøpt og betalt! Og eg meinar det; Heilt hundre prosent Pluttseleg. Vips (!) liksom... Jaja, shit happens - og i dette tilfellet luktar "shit" veeeldig veldig godt ;oD




Er nok bedre for sjølvfølelsen min si skuld å henvise til dette innlegget i staden for å sjå han inn i augene og tilstå, når Knut lurer på kva dei firehundreogeittelleranna kronene på FarmorsHus (som er gått frå hans kort!!!??!.., Heeh) er for noko... *eg-prøvar-så-godt-eg-berre-klarer-å-lage-dådyrauge-med-mine-små-gluggar-med-korte-tynne-bustar-av-augevipper-på*

3 comments:

  1. Før eg seier dette, vil eg leggje trykk på at eg er ein SUNNMØRING;)
    Eg veit om folk som vaskar huset med vanlig vaskemiddel, også kokar dei litt Durance på konfyren etterpå. Berre for å drøye an litt lenger ;P Eitt tips i tilfelle Knut mister beherskelsen og tek frå deg bankkortet! .. haha..

    ReplyDelete
  2. ..på denne måten får dei same Durance-lukta utan å *kremt* gå tom for den gylne såpa.. hehe..

    ReplyDelete
  3. Skjønner at det er gode økonomiske og tidsbesparande Durance-triks ute og går :) Me like! Forøvrig har eg eit spare-triks sjølv også, for å drøye klesvaskemiddelet (verre å koke inn lukt i kleda via komfyren liksom..). Vi bruker 50/50 med Durance og vanlig uparfymert, flytande vaskemiddel.. Blir lavendel-lukt da også... (Kan ikkje unnskylde meg med å vere sunnmøring, men student-livet kan eg unnskyldast med ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...