Tuesday, June 15, 2010

Lukt av lavendel

Eg kom på det fordi vi no er tomme for det, for lukt av lavendel..
Lavendel er noko av den beste lukta eg kan tenke meg i eit nyvaska hus og av nyvaska klé!
...og i hagen, når lavendellukta sprer seg med brisen som rusker rundt mellom blomstrane...

Lavendelen blomstrar ikkje enda her i alle fall (rettare sagt utforbi naboen som bur cirka halvannan meter lenger borte), og derfor er savnet enda større etter lukt av lavendel inne! Så snart sjansen byr seg (dvs så snart eg finn ut at eg skal på handletur til sentrum), skal eg derfor innom Farmors Hus i Strandgaten og kjøpe ei flaske med Lavendel-luktande vaskemiddel til hus og kléde. Gler meg allereie!



Har du prøvd Durance vaskemiddel til hus eller klede?

3 comments:

  1. Har prøvd durance-bodylotion om det teller :P
    Men når ej blir stor og tjene masse penga, da skal slottet vaskast med Durance, og kleda likeså. I mellomtida får nok Ajax gjere jobben ;P
    Men ja, eg har berre høyrt godord om dette produktet!.. hehe..

    ReplyDelete
  2. Det er berre så nydelig, og eit tips om du ikkje har fått tid og vaske og du brått får vite at no kjem det gjester. Kjøp ei flaske med Home perfume, spray litt rundt i rommet, vips så lukter det reint. :) Så kan ein ta husvasken litt seinare.

    ReplyDelete
  3. DET er det beste "nyvaska"-trikset eg har høyrt på leeenge, Ayh! (Trudde ikkje de dreiv med slikt!? >:oO)

    Bodylotion har forresten ikkje eg prøvd, Astri. Det skal eg sjå etter neste gong. Men det blir nok ei stund til neste gong no, eg blakka meg på vaskemiddel i dag XoP Men no skal det i alle fall lukte godt! ;o)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...