Her kastar vi ikkje brune bananer, i alle fall ikkje dei som berre ser ut som deformerte giraffhalsar.
Desse bananene er ypperlege til å lage bananmilkshake av (eller eventuelt smoothie for dei som vil vere hakket sunnare) :o)
I dag hadde vi ei slik banan liggande på kjøkkenbenken, ja faktisk to stykker av same typen...
Ergo kunne vi lage mykje bananmilkshake! *Yummi* I kjøleskapet hadde vi i tillegg ein skvett med vaniljesaus, så den fikk lov å vere med i miksaren saman med banana i staden for sukker som vi eller gjerne hadde brukt litt av (sjølv om det sikkert strengt tatt ikkje hadde vore heeeilt nødvendig).
Kjapt oppsummert oppskrift:
1 1/2 banan (siste halvdelen av dei to "prøvesmakte" lille snuppa i huset)
1 dæsj vaniljesaus (evt 1ss sukker, litt vaniljesukker eller ei kule vaniljeis - alt etter kva ein har for hand)
og så melk sjølvsagt, akkurat så mykje som ein ynskjer...
Full fart på miksaren i eit halvt minutt og voila;
banandrøm i glas som kan nytast med sugerør saman med frukosten, lunsjen eller for seg sjølv, som eit kjapt mellommåltid! Bon apetit! :o)
Dagens motto; Ikke undervurder verdien av ei brun banan!
No comments:
Post a Comment
Legg gjerne igjen eit spor etter deg!