Sunday, June 13, 2010

Kjøkkenfantasiar

Vi er i startfasen med å planlegge hus, og er ferdig med teikningar og alt..
Har sett på fleire ulike frontar/kjøkken fra Kvik, Drømmekjøkken, HTH og så vidare... Og det er mange vi likar mykje med, men ingen vi er 110% fornøgde med - det er alltid noko som kunne vore litt annleis!

I går var vi på IKEA berre for turen si skuld (det er jo alltid noko å både finne og sjå på IKEA), og med regn og vind er ein innandørs spasertur å foretrekke framfor ein våt og kald tur langs halvtrøtte butikkvindauger. I alle fall; på IKEA har dei jo også kjøkken, men eg har liksom tenkt at IKEA-kjøkken skal vi ikke ha! Men så er det berre det at der er eitt kjøkken som eg likar der, minst like godt som dei andre, dyre kjøkkena vi har sett på. Vel er det litt å utsetje på dette kjøkkenet frå IKEA, lik som på dei andre, men det er heller ikkje meir å utsetje på det. Og lite gjer det at her er pengar å spare for oss som er (snart) nyutdanna og heilt nyetablerte på eigedoms- og bustadmarknaden. Grovt rekna kjem vi frå det med halve prisen (og kanskje sparer vi til og med enda meir enn 50%) dersom vi vel IKEA framfor dei andre, store kjøkkengigantane.

Kjøkkenet vi har falt for (ja, vi er skjønt einige heldigvis :o) heiter Lidingö, og vi vil også ha den doble oppvaskkumen som er vist på bildet (Domsjö). Er det ikkje herleg nostalgisk?





Men i stadenfor benkeplata som er på biletet, så vil vi heller ha ei tjukk (3,8cm) heiltreplate i eik (Numerär heiter den hos IKEA). Har lurt på å ha laminat også, med tanke på at det krev mindre vedlikehald, men samtidig synest vi begge at heiltre ser mykje finare ut... Vanskeleg å vite sikkert kva vi skal velge, vi har jo ikkje gjort dette før! Og råda ein får er like ulike som folka vi får råda i frå, så det er ikkje anna å gjere enn å stole på seg sjølv og eiga dømmekraft.. 


Ellers lurer vi på å velje Gravyr handtak og knottar, for å gjere den nostalgiske opplevinga av kjøkkenet ultimat! :o)

Kva kran vi skal gå for veit vi ikkje, for denne er vi meir "kresen" på...
IKEA har to ulike som eg skulle ønske vi kunne laga ein hybrid av:



Eg likar nemmelig utsjånaden på den til venstre godt (den heiter Edsvik), medan eg ynskjer funksjonen til den til høgre (Hjuvik). Er det nokon som har sett ein slik "hybrid" nokon stad er hjerteleg velkommen til å skrike ut, for eg er veldig interessert i kven som sel den og kva den kostar! Forøvrig vil eg påstå at den krana kan få vere litt dyr, med tanke på alle dei titals tusen vi sparar på å velje eit IKEA-kjøkken (som tross alt kjem med 25års garanti, så det kan jo umulig vere så veldig dårleg kvalitet som ein kanskje trur??)..


PS: Alle bilder er henta frå IKEA sine sider ;o)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...