Friday, June 18, 2010

Ein vakker heim

...det er ikkje noko vi kan skryte på oss, her vi bur i noko som (for ein familie som tel fire) kjens meir som eitt kott enn ei leiligheit (sjå for deg rommet under trappa, som er HarryPotter sitt rom hos "Dumlingane"!). Vakkert interiør kryr det heller ikkje av for å sei det enkelt, billige IKEA-løysingar i forening med mine første møblar frå då eg først flytta for meg sjølv, diverse gåver frå ulike fasar i livet og ulike stilartar i interiør-mote-historia, samt eitt og anna brukt-funn som i kjøpsaugenblinken virka meir "fornuftig" enn det faktisk viste seg å vere når alt kom til alt..

Eg kjenner at vi no er inne i ein fase der det er tid for forandring, men den etterlengta forandringa må nok fint ha tolmod til å vente enda litt til. Studiar og livet i familiehybel må få virke i enda eit år før tida reelt er inne til å gjere endringar i levestandarden. Og intil den tid kjem så skal vi kooose oss i vårt heimlege kott, og eg skal bruke alle tilgjengeleg tid og midlar til å ta meg fram i det som er å finne av inspirasjon frå verkeleg vakre heimar og interiør. Slik at eg veit alt kva eg vil  ha når familiehybelen er fortid i mi livshistorie, og Palasset ligg føre meg og ventar på at vi og alt av vakkert og høgst nødvendig stæsj skal innta det!    

(Utgave nr 4/2010)

NB: Anbefalar ikkje Freyju sin Draumur sjokolade med lakris noko sånn spesielt - som den sjokoladeelskaren eg er må eg sei at Freia sin variant med små lakrisbitar i er MYKJE bedre!!! ...men den islandske varianter har eit mykje finare namn då ;) , og det var liksom derfor eg falt for den når eg var på MENY og skulle handle sjokolade og interiørmagasin som eg skulle koooose meg med som noko attåt kaffien ;P


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...