Saturday, June 19, 2010

Familie, vener og kjærestar..

På ein dag aleine har denne helga vorte svært innhaldsrik for alle husstanden sine medlemmar.
Det har foregått mange og veldig ulike aktivitetar på ein og samme gong denne laurdagen!
Ungane har vore plassert hos kvar sin barnevakt; snuppelita hos Tante kor ho har leika med fetteren sin og vore på VilVite-senteret, og eldstemann reiste i går saman med ein kompis og mamma'en hans til hennar foreldre. Der har guttungen fått køyre ATV med seks hjul i dag! Fikk bilde på telefonen i dag, og der kunne du sjå ein tydeleg stolt krabat :) Dei har kosa seg begge to, på kvar sin kant, kort oppsummert.

Men det er ikkje berre dei yngste i familien som har kosa seg, for mamma og pappa har hatt ein kjekk aktivitet på timeplanen også. Vi har nemmelig tatt våttkort i padling i havkajakk! Fantastisk kjekt å halde på med, og ekstra kjekt fordi vi gjer det saman. Kjenner at det er veldig godt å få seg ein hobby i lag, og innimellom gjere noko utanom det kvardagslege. I kajakken kjem vi ikkje berre tett på sjøen og naturen, vi kjem tett på oss sjølve og kvarandre på ein annan måte enn heime når vi er Mamma og Pappa. Så i dag har vi vore Knut og Iselin, saman :) Ein nydelig dag i godt selskap og med god trening ikkje minst. Kroppen er sliten etter mange timar i kajakk, spesielt fordi det har vore relativt mange timar i motvind. Så no er det godt å slappe av og å vere varm og tørr etter årets 3. badeøkt, som resulterte i at vi begge konkluderte med at det er enda nokre veker til høgsesongen for bading for vår del startar... ;)

Bilder frå padleturen:



Ha ei fortsatt fin helg, med eller utan sjøbading :)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...