Dette er ei fugleloppe. Ein av fleire fine loppemarknadskattar ♥ Denne helga har vore rett triveleg. Besøk på loppemarknader, besøk av familie og vener og elles tilfeldig prat med flotte folk, god mat, avslapping, sølvpuss, latter og eigentleg ganske bra vêr... Kva meir kan ein ønske seg den første helga i april? Eg har faktisk, i teorien, lært korleis eg skal ta avleggarar av lavendelplantar. Og visst eg berre greier å omsette teori til praksis, så skal det etter kvart bli reine lavendelland rundt VillaSørheim om nokre år ♥
Apropos lopper - ord som betyr fleire og vidt forskjellige ting - eg fekk kjøpt eit knippe heklabrikker som må bleikast. Desse kom eg på medan eg leika i lag med ungane i ettermiddag: "Nei, eg har visst nåkke eg må klore" sa eg, og reiste meg for å avslutte leiken. "Eeehm..!?" svarte storebror i huset nølande "eg håpa ikkje det er meg du har tenkt å klore!?". Eg knakk i hop i latter då eg forstod kva han eigentleg hadde sett føre seg, men han derimot syntest ikkje det var morosamt at mamma kunne komme på noko så bak mål - å skulle klore ungane sine med negler på krumma fingre, akkurat som at det skulle vere like artig som å kitle nokon..
Denne helga har eg lært at å pusse sølv er ikkje det kjekkaste eg veit medan eg pusser, men etterpå derimot kjenner eg meg som ei vassekte kråke. Eg kjenner det frå topp til tå når metallet glimer blidt til meg, og eg blir så glad så glad når eg veit det er mitt! Mitt fat - for det var eg som fann og kjøpte det, og mi glimring - for det var eg som pussa det og fekk fram det fine mønsteret og det vakre skimmeret... Nydeleg ♥
Eg fekk meg enda eit lysfat, og ei smørbrødklype til, og så ei enkel og skjønn glaskrukke med lok. Prisane var enkle og skjønne dei også.. ♥ 30,- for alt på bildet under er ikkje verst!!
Mitt siste funn var det største røvarkjøpet også. Eg fekk ei gammal klesrulle til ein skarve hundrelapp. Fullt brukbar også, sett vekk frå ein alminneleg skrue som må byttast, eller om eg er skikkeleg heldig så treng den berre etterstramming. Det verste er at eg angrar på at eg ikkje kjøpte begge - for ja, der var to som var heile og fine!! Men men... Mannen er nok glad for at eg berre tok den eine ;) ...ellers hadde han kanskje pakka kofferten og dratt? ...i alle fall kanskje på langhelg heim, med eit flyttelass, allereie i morgon, sånn for å få unna litt før den verkelege flyttinga med alt av nytt og gammalt pikkpakk tiltar om berre få månader...
Og ja, for ikkje å gløyme; Det vart jammen litt tekstilar på meg også, som skal få nytt liv som kostymer, vimplar og sikkert som kjolar også. Mulig eg må sy nokre klede til storebror også, for han synest det er kjedeleg at det berre er veslesyster som får heimesydd. Men kjolar er enklare enn bukseplagg tenkjer eg, og difor slo eg til når eg fann ei loppis-bok om sying med enkle mønster for nybegynnarar.. Så får vi sjå kva det blir til.
Og med dette har eg vist fram det meste av denne helgefangsten. Veit om to fine loppemarknader i området neste helg også, og om mannen tillet at eg potensielt kjem heim med enda litt meir dill og dall no før flyttinga, så tek eg meg gjerne ei skattejakt neste laurdag eller søndag også. Loppemarknader er kjekt!
