Showing posts with label engel. Show all posts
Showing posts with label engel. Show all posts

Sunday, August 28, 2011

Kjærleiks skytsengel

Ein engel. Laga med omtanke.
Er vår kjærleiks skytsengel.
Den samme teksten som i gifteringane,
står skrive på skjørtet til engelen,
for å vise kven og kva engelen voktar.


Denne koolioen er mine foreldre sin.
Vi gifta oss på deira bryllaupsdag,
så dei fekk sin eigen av samme type
som det flotte paret eg kjøpte til oss sjølve.
For å vokte kjærleiken.


I gifteringane våre, altså i tillegg til navna våre,
der står det Alltid nær.
Berre to små ord, frå Jakob Sande sitt dikt "Du",
men dei seier så mykje synest eg..

♥

Wednesday, December 1, 2010

Min gyldne engel

er eg veldig glad i. Like glad i den, som i det vakre reinsdyret mitt :) Eg fekk engelen for snart eitt år sidan, i bursdagsgåve frå to skjønne venninner :) Det var veldig kjekt å finne engelen att i julepynten, og å sette den fram. Trur kanskje dette blir ein heilårsengel... Eg likar den så godt! ..eller er den for julete?


Det har forresten blitt enda fleire gråpapirposar med julerøykelse... Likte desse bedre enn dei forrige posane eg lagde. På utsjånad altså - lukta er den same ;) ...kremmarhus og hamp har noko nostalgisk og jordnært over seg, akkurat som jula... Sett vekk frå den kommersielle delen av jula, så klart ;)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...