Sunday, January 1, 2012

Nyttårsforsett



Dette bildet er laga etter inspirasjon frå ein engelsk tekst med tilnærma samme innhald.
Og for å minne meg på nyttårsforsettet mitt, skal det printast ut
og settast i glas og ramme!

Forsettet mitt er noko meir generelt enn berre å skulle vere meir takksam.
Eller rettare sagt, så er det meir omfattande.

Men å minne seg sjølv på å vere meir takksam,
er eit viktig ledd i det kontinuerlege arbeidet
med å forsøke å bli bedre som menneske.
Som mor, ektefelle, ven, syster, dotter, barnebarn og så vidare...

Det er eit livslangt prosjekt,
som stadig vert arbeidd på meir eller mindre bevisst.
Alt etter som.

Det fine med det er at eg ikkje treng å dikte opp nye forsett kvart år.
For dette forsettet kjem eg vel aldri i mål med,
ettersom målet endrar seg med at eg (forhåpentlegvis) endrar meg
og vert rikare på erfaringar.

Med ynskje om eit lykkeleg og innhaldsrikt 2012
til alle: kjente og ukjente.
Måtte det nye året bringe med seg det du måtte ynskje!






PS: Eg set stor pris på spor som vert lagt att her inne,
sjølv om eg ikkje er innom her like ofte som tidlegare.
Det varmar stort! Takk :)

3 comments:

  1. Kjempefint! Det er slike forsetter som er de viktige :)

    Ønsker deg en fin første uke i 2012 :)

    ReplyDelete
  2. Ett kjempeherlig forsett, du er nydelig!

    Her er hverdagen tilbake og jeg er på plass på jobb. Syns igrunnen det ikke er så galt med hverdag.

    Fineste ukesstart til deg :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...