Sunday, October 2, 2011

Helgefryd

Etter ein søndagstur til ei gammal, god venninne,
kjem eg heim til ein hyggeleg mail frå Frøken Fryd.

Eg er den heldige vinnaren
av to GreenGate-kjøkkenhandkle og ein finfin FirstAid-boks!
..når eg ikkje trudde søndagen med herleg solskin kunne bli bedre...


Og når ynskjelista er lengre enn arbeidslista til julenissen
sånn midt i desember (tenk at det snart er jul igjen!?),
så er det ikkje feil å få innfridd eit og anna via giveaway-premiar!
Eg elskar boksar - alle slags, og eg har lenge hatt lyst på noko frå GreenGate,
så denne premien var midt i blinken!!!

Tuusen takk
til dama bak den koselege bloggen :)

Og ein fortsatt god søndag til alle som er innom.
..no skal vi berre få i oss ein herleg laksemiddag,
før vi luftar vetet litt til i søndagssolskinnet,
med ein tur på stranda for å leite etter småkrabbar.


2 comments:

  1. Gratulerer så masse med herlig premie :)

    Nyt kvelden!
    Maiaklem

    ReplyDelete
  2. Så kjekt at du vart så glad, Iselin :) Eg håper den kom fram i god stand, prøvde å pakka godt inn. Men handkleda burde være safe uansett, hehe.

    No er det jammen meg fredag i morgon alt, den aller aller beste dagen i veka :) God helg til deg og dine!

    Klem Eli

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...