Friday, August 5, 2011

Bloggdesign

Ein skulle tru at ein fekk bedre tid til blogging i ferien,
men jammen har eg tatt ferie herifrå også...
Og no kjenner eg at eg gler meg veldig
til å komme i gjenge igjen.
Med jobb, skule, barnehage, blogging og alt!
Kvardag er verkeleg ikkje å forakte.


Men sånn ellers, medan eg har vore borte herifrå,
så har eg ordna med blogg til ei av mine mange skjønne kusiner.
Dette er første gong eg ordnar blogg til andre enn meg sjølv,
så då vart eg plutseleg meir usikker og fekk prestasjonsangst.

Så kva synest du?
Er den oversiktleg nok?
Ok design?
Noko som burde vore annleis?
(Klikk på bildelinken over for å komme til den nemnde bloggen..)

Både eg og ho vert glade for tips og tilbakemeldingar :)


Inntil neste gong:
...og stay fresh ;D

PS: I neste innlegg, når eg berre finn ladaren til min eigen PC,
så er det vel på tide å vise fram bryllaupsbilda frå fotografen?
Er fleire vi er nøgde med, så trur eg treng hjelp
for å finne ut kva for eit som skal bli takkekort...  

1 comment:

  1. Hei søte!
    Velkommen tilbake! Vakker side du har laget, du er så flink!

    Ønsker deg en nydelig lørdag! Vi skal ut og nyte en bedre middag og nyte det fine sommerværet i Arendal.

    Gleder meg til bryllupsbilder!

    Maiaklem

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...