Sunday, August 7, 2011

Bryllaup i bilder DEL 1

Å velge ut og redigere bilder som skal visast fram frå bryllaupet
er ikkje like enkelt som det er kjekt. Bere det å velge ut tek jo ei evigheit!
...eg har kome fram til at ettersom ein vigsel er ein offentleg seremoni,
så har vi ingenting å halde tilbake derfrå i alle fall. 

Ikkje at det er så mykje å liksom skulle skjule frå festen etterpå,
men det er mange fleire mennesker på kvart av bilda frå festen,
enn kva det er på bilda frå kyrkja..
Og så er det jo ikkje alle som set direkte stor pris på å bli lagt ut på nett,
om dei er aldri så fine og flotte.
Og fine og flotte var og er dei alle som ein;
våre gode familiemedlemmer og vener,
som gjorde dagen vår perfekt

Her kjem eit knippe bilder frå kyrkja,
men det tek tid å laste opp,
så eg tek det i etapper ;)



Dagen starta kl09 hos frisøren,
med ei brud som var sliten og trøtt
etter ein laaang fredag med forberedingar og nervar...


Med til frisøren hadde forlovaren min tatt med seg
ei korg med snacks; sjokoladetrøflar, jordbær, iskaffi og mykje anna godt.
Men eg var kvalm av nervane, så eg orka like lite å smake på dette
som på frukosten nokre timar før.
Men det er tanken som tel, og den var veldig, veldig god!

At det skal no vere mogeleg å vere så nervøs,
for noko ein så inderleg ynskjer seg og gler seg til!?


Kjolen vert snøra,
med hjelp frå mi fine kusine og ikkje minst flinke frisøren.

Og så kom gode mannen min til frisøren også.
Vi valgte å gå til fotograf før kyrkja,
(Dei bilda får komme i eit eige innlegg)
for å få mest mogeleg tid saman med gjestene etter kyrkja


Knappholsblomsten kjem på plass i dressen,
og kjole med tilbehør er komt på bruda.

Du ser kanskje at eg har "litt" nervar?


Gullungane kom også ut til frisøren, saman med Besta
som var barnebarn-ansvarleg til etter vigselen...

Ungane var pynta og klare når dei kom.
Fine, festkledde småtroll,
som fekk ha sin eigen fest heime med barnevakta
etter kyrkja

Snuppa var trøtt og trøsta seg med smokk,
før vi gjekk til fotografen midt i middagslurtida hennar..


Vi bur ikkje berre i eit lite land,
byen vår er også liten, med korte avstander frå ende til anna.
Så eg letta opp skjørtet og så gjekk vi frå frisøren til fotografen,
gjennom halve hovudgata

Pappa fulgte meg opp kyrkjegolvet.
Gutungen bar ringane våre og vesle dunder skulle strø blomstrar på golvet.
Skulle strø, men strødde ikkje...
Ho syns blomstrane var for fine til å bli kasta,
så ho sparte heller på dei.

Vi hadde tidlegare vore i kyrkja og snakka om kva dei skulle gjere,
og om korleis det kom til å bli på den store dagen.
Høg orgelmusikk og mykje folk. Som kom til å sjå på oss.
Men for ei overrasking at musikken var SÅ høg, og folka SÅ mange!
Då er det tryggare å halde Besten i handa.. 

...og så...

...blir to til éin

Mi flinke yngste søster
sang nydeleg til oss;



Ei fin framføring av ein nydeleg sang,
som eg aldri vert lei av å høyre på!

...men det er ikkje det samme å høyre på YouTube,
som på opptak frå kyrkja på bryllaupsdagen vår.
Gler meg til å få alle opptak frå kyrkja :)



2 comments:

  1. Så nydelig du var og ungene og mannen ;) Gleder meg til å se flere bilder :)
    Klem Tove

    ReplyDelete
  2. ååå så flotte bilder :))) gleder meg til fortsettelsen ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...