Sunday, April 10, 2011

Loppefri drukkenbolt

Drukkenbolt var kanskje å overdrive nokre hakk, men loppefritt har det i alle fall blitt denne helga.
Det ringte på døra tidleg om morgonen i går, og utanfor stod det fire fine fruer og frøkner som eg eigentleg vert glad for å sjå - både utapå og inni. I går blei eg derimot rimeleg stressa. Utdrikningslag, og absolutt ikkje loppemarkedsbesøk, var åpenbart dagens agenda. Eg sleit litt med å smile. Eg likar å ha kontroll og å vite kva dagen bringer. Og det visste eg naturleg nok ikkje, og dermed vart smilet fråverande og pulsen akutt og drastisk aukande sånn heilt til å begynne med. Men, det er jo berre fantastiske, søte og snille fruer og frøkner eg har rundt meg, så smilet sat langt lausare utover dagen.

Eg har foreløbig ingen bilder å vise til frå dagen i går,
men eg likna visst på Wilma Flintstone!?

Kort oppsummert  var det ein usannsynleg kjekk, fin og minneverdig dag med, som sagt, berre flotte og fine mennesker. Er veldig glad for at så mange hadde tid og mulighet til å vere med å gjere dagen perfekt, og eg har sjølvsagt full forståelse for dei som av ulike grunner dessverre ikkje kunne vere med. Eg er veldig glad i dykk alle saman. No begynner det å bli vel sentimentalt, så før tårene spretter så slutter eg heller av og begynner på middagen...

Ha ein strålande søndag i godveret - det skal i alle fall eg her eg går og smiler og tenker på den fine gårsdagen :) Fortel nok meir ein annan gong forresten.. etter bryllaupet tenker eg.. ;)




4 comments:

  1. Åh så herlig! Heldig du er som har så fine venninner ;) Det er ikke lenge til klokkene kimer og du går fra frøken til frue :-)

    Kos deg i dag!
    Klem

    ReplyDelete
  2. Hihi, skjønar kva du meiner med å lika å ha kontroll, og det er vel det siste ein har på skkurat ein slik dag.. Men så bra at dagen vart fin!! Ha ein super sundag:)

    ReplyDelete
  3. så gøy med utdrikningslag! Håper du koste deg... legger meg ti som følger sånn at jeg kan høre resten av historien om gårsdagens ferd... nydelig blogg har du også!
    -ha en fin søndag!

    Klem Trine

    ReplyDelete
  4. Hihihi så gøy at du ble overrasket med utrikningslag! Moro ja:)
    Ha en fin kveld!
    Klem fra Kristin

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...