Friday, April 1, 2011

Endeleg helg

Dei siste dagane vekene har vore skikkeleg seige. Det vil sei - vekene i seg sjølv er vel ikkje seige, det er meir eg som har gjort dei seige. Orkar ikkje, vil ikkje, gidder ikkje... Men så til det positive: Eg føler seigheita har løsna litt i dag. Har fått gjort litt. Litt.

Har lyst på dymomaskin,
så eg kan merke for eksempel denne
hermetikkboksen med "Q-TIPS",
etter inspirasjon fra Rare Rina
som har merka massevis av ting og tang...

Å ha gjort litt er bedre enn å ha gjort ingenting - det er viktig å klare å sette fingeren på det positive, om det no er aldri så lite! Eg har fått handla brudeskoene mine. Heilt enkle, og absolutt ikkje oppspjåka i det heile. Glatte, enkle, lave, fine ballerinasko. Pure & precious... Eg gler meg til å gå med dei, til å vere i mine eigne sko. Det kjennest som å gå barfota - ingenting som klemmer eller kniper eller gjer det tungt å gå. Det beste er at eg slepp å øve meg på å gå på høge hælar fram mot bryllaupsdagen - det er noko eg verkeleg ikkje kan, og som eg ikkje har behov for å lære. Eg vil ikkje vere høgare, og eg vil ikkje gå rundt som ein nyfødt kalv i bryllaupet.


Apropos kalv. Eg har fått meg ein liten, ny mjølkemugge. Er den ikkje heilskjønn vel!? 19,- billege kroner hos Coop Obs! ...mannen seier at det ikkje er noko som heiter billege kroner, men eg tipper du godt kan skjønne kva eg meiner... Uansett så har eg i alle fall ein kalv som spytter melk i kaffien min, ettersom eg ikkje liker å drikke den svart. Når kaffien liknar sølevatn liker eg den best!


Elles var eg innom Kremmerhuset ein tur i dag - som eg alltid er når eg er i sentrum. Og som alltid elles når eg er innom, så hadde dei også denne gongen mykje fint. Det er elles ikkje feil at dei ofte har fine prisar på ting og tang også. Denne gongen fekk eg meg ein fin sinkboks til førstehjelpsutstyr.


Hos oss er førstehjelpsutstyr einsbetydande med eit stort utval plaster, dekorert med eit stort utval kommersielle figurar. Det er viktig med valmogelegheiter når ein ikkje har store sår, men allikevel ynskjer å pynte fingrane litt... Og pakkane med überkommersielle plaster dekorert med HelloKitty, Batman og Jungelboken-figurar passar perfekt oppi denne boksen. Det avrivne lòket til den eine plasterpakken fungerar som støtte så ikkje pakkane ramlar ned inni boksen, og elles som eit lite eige rom til å legge sårsalva i...


Kremmerhuset hadde salg på boksar i dag. Eller nærare bestemt i går, i dag og i morgon. Så om du treng eller har lyst på nokon boksar derfrå, så er det tid for å ta turen innom Kremmerhuset på Galleriet i morgon.. Eller kanskje alle Kremmerhuset-butikkane har dette salget no? Verdt å ta turen innom uansett.. alltid.. Sidan det var salg så kjøpte eg denne klype-boksen, i samme serien som vaskemiddelboksane og reingjeringsbøtta som eg alt har. Hadde eigentleg lovd mannen å vente til vi flytta heim, så vi slapp meir husfyll i leilegheita. Men er det salg så er det salg. Og no var det altså salg


Det ser visst ut til at det vesle eg har gjort i dag er å kose meg med ei lita shoppingrunde i sentrum. Men eg har altså fått rydda, støvesugd og vaska halve heimen også! Så no har eg nytt kvelden heime i vår lavendelluktande leilegheit. I morgon vert det som sagt loppis, og så bør eg gjerne få unna vasken i andre halvdel av heimen også før eg set meg og les til kunnskapen tyter ut øyra... No er det natt. Må jo vere utkvilt til skattejakta etter bruktfunn! ..kanskje får vi oss ei loppejakt på søndag også?!

Dette vert ei GOD HELG ♥
  



1 comment:

  1. Så søte ting og gode idèar, takk :) Og skoa var nydelege! God helg:)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...