Sunday, April 24, 2011

Det spirer og gror


Og det er visst ikkje berre håret til vårt kjære grashovud Nesfols
som har grodd sidan sist eg såg etter
(eg har stussa han ein gong sidan sist innlegg allereie, forresten!).


Det kan sjå ut til at krokusane er i ferd med å sei "takk for denne gongen", men dei står no framleis om enn ikkje like friske og fyldige som desse skjønne hestehovane som vi traff på veg opp til toppen av åsen her heime. Dagen var vakker, selskapet kunne ikkje vore bedre (for ikkje å snakke om oppdekkinga til Silje m/fam når vi nådde toppen), og så å bli møtt av desse søte, små som skein om kapp med sola. Då er det lett å vere lykkeleg!


Elles forelska eg meg heilt i klyngene med snøklokker som eg fann i hagen,
fulle av vassdråpar etter ei truleg regnvåt natt..


I dag regnar det også. Litt.


Men storebror i heimen her klarte å "redde inn" nokre tørre, fine eksemplar av kvitveisen som er noko av det som gjer meg mest vårminner frå borndommen. Å plukke kvitveis var så kjekt hugsar eg! Kvitveis, og så engkarse som kjem litt seinare. Det var godt å vere born. Men jammen er det godt å vere vaksen også. Det er i alle høve godt å vere i det heile. Spesielt no når det er vår ♥ 


Ferien varer enda litt til, og inntil då ynskjer eg deg som er innom her
ei fortsatt god påske og ikkje mindre; vakre vårdagar!



1 comment:

  1. Hei snupp!
    SÅåå koselig innlegg! Fikk skikkelig godfølelse inni meg :) Du skriver alltid så herlig!

    Klem

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...